torsdag 2. april 2015

Litt påskestemning i heimen

Påsken er godt i gang, 
og av alle ting kom det nysnø i natt..



Når vi sette utfor i skibakken,
var det sjølvsagt deilig med 20 cm puddersnø.
Men her nede hos oss, 
vil vi ha våren tilbake.


Påsken er ei deilig tid.
Det er mange fridagar,
og det er ikkje det samme presset om pynting og gåver,
slik som jula ofte er.
Eg har litt påskepynt som eg tar fram,
og så lagar ungane ny pynt kvart år.
Det er sjølvsagt viktig å ta fram alt!

Eg har samla opp litt blad som eg håpar å 
få tid til å kose meg med og.


Gule blomar høyrer med i påsken,
og gult er kult...

til påske.



Denne blomen, Calla,
er ein av dei finaste eg veit.
Den skal få leve etter påske og,
sjølv om den er gul.
viss eg får den til å overleve då...




Påskeharen har tullemor laga,
og i følge ho sjølv, 
var det ho som hadde måla alle
egga og.

Håpar du har ein fin påske,
her er det meldt fint vær
og vi nyter dagane.