lørdag 17. mai 2014

Sidan sist?

Ja, kva har skjedd sidan sist?

Fint lite.


Det er vel med meg, som andre bloggarar,
at vi er meir på Instagram for tida.

Og tema er mykje det samme der, som her.

KVARDAGSGLEDER



Her kjem nokre bilder eg allerede har vist på instagram.

Det blir mykje interiør der.
Ikkje er eg den flinkaste til å lage nytt,
men eg er veldig god på å flytte rundt!

Eg viser mange kvardagsgleder og kvardagsøyeblikk på instagram.
Nokre av bilda slettar eg etter ei stund.
Det kan vere bilder av situasjonar,
av ungane eller andre,
og bilder som lagar eit litt "uryddig" uttrykk på heilheten.

Eg er ikkje aleine om dette, og for meg fungerer dette.

Eg ynskjer å framstå med interiør.



Her er den nyinnkjøpte fiken-planta mi. 

Såååå utruleg skjønn.

...og ja, påverka på instagram....

Svart og kvit stripete er komme for å bli hos meg.


Klosterklokker i den finaste Omaggio vasen.

Store, kvite og grøne. 

Lekre i stova mi!

I dag er ein vellukka 17. mai over.

Bunaden er av, og magen er full.

Håper alle har hatt ei fin fin feiring.