fredag 21. mars 2014

Norsk design i premie

Det kjekkaste med å vinne,
var jo det å vinne!!!

...og så fekk eg jo premie i tillegg!



Premien var produkt frå det norske merket Funkle.
I dag fekk eg vite av tanta mi at designeren kjem 
frå Notodden!!

To puter
Eit nydeleg pledd
Vase og koppar
og gavekort på MesterGrønn på heile 1000 kr




Nydeleg blomabukett eg fekk av 4 flotte veninner,
som kom øverraskande på besøk 
for å feire 
Norges finaste kosekrok.


Saman med dei fine putene eg har sydd sjølv,
kom premien verkeleg til sin rett her hos meg.

Eg er framleis så utruleg glad,
så glad for at dåke har stemt meg fram til å vinne.

-Tusen takk-

onsdag 19. mars 2014

Eg har Norges finaste kosekrok!!!



Med dette bildet har eg vunne konkurransen om

Norges finaste kosekrok



Det heile byrja ein kveld i januar.

Bladet Kamille utlyste ein konkurranse på Instagram
om å vise vår finaste kosekrok.

Det var 196 bidrag med kosekrokar i alle fasongar.

Eg styla kroken der eg ofte sat og las blad i vinter,
ved sida av peisen,
og knipsa eit bilde som eg sendte inn!

Etter ei stund fekk eg melding frå Kamille om at mitt bidrag
var plukka ut, saman med 5 andre,
til å komme i finalen.

-Eg var mildt sagt i sjokk-


Saman med desse flotte bilda skulle eg konkurrere om
den gjeve tittelen om å ha 
Norges finaste kosekrok.

Bileta vart presentert i bladet, og no var det opp til lesarane 
å stemme på sin favoritt.


Så for to veker sidan fekk eg telefonen frå skjønne
Aleksandra i Kamille, 
som kunne gratulere meg som vinnar i konkurransen.

No er bladet komme i postkassen til alle
abonnentar og då er det vel bare å gle seg over dette!!

Eg har vore veldig spent på reportasjen i bladet,
eg har aldri vore i eit blad før,
og så gøy at det er nettopp Kamille!
Det ser veldig bra ut.

Tusen tusen tusen takk til alle
som har stemt på mitt bidrag,
eg set så utruleg pris på 
kvar einaste stemme.

Dette er veldi stort for meg.


søndag 16. mars 2014

Blir aldri lei

                                           Enkelte ting i interiøret mitt
                           blir eg aldri lei.



Eg flyttar rundt på dei,
finn nye plassar,
og flyttar tilbake.


Acapulco stolen, Hay DLM bordet
og Louise Roe puta er sånne favorittar.

Stolen har eg kjøpt brukt,
bordet fekk eg til bursdagen
og puta i innflytningsgåve.

No står dei i den nye kosekroken min,
i den lysaste delen av stova.
Med vindauge på begge sidene,
og den kule retrolampen min til leselys.



Svarte og kvite striper har eg mykje av i interiøret og, 
men ikkje for mykje.
Sånn nett passelig, så eg ikkje blir lei av det.

I sofaen har eg no fått nye puter,
og dei svarte og kvite skal få ein liten vår/sommar pause.

Det nye skal eg vise seinare i veka.
Då skal eg avsløra ein liten-stor hemmelighet og...

Fin søndagskveld til alle fine lesarar.