lørdag 4. desember 2010

Star Wars

 Fyrst vil eg bare informere at det er Reidunn som er konditoren i veninnegjengen, men eg skal ha for å prøve!!

Junior skal feire 6 års dag i dag. tema er Star Wars The Clone Wars. Vi har kjøpt koppar, fat, masker og pynt, og er klare!

I går baka vi kaka. Og då kom eg plutseli på at vi skulle laga eit romskip. Dette då det einaste han ynskjer seg er Star Wars lego og anna tilbehør, så tenkte eg at detta kom til å bli suksess! Mannen skar ut og eg glaserte!

 Og sidan eg ikkje har laga sånn kaka før.....så byrja eg med melisglasur. Det funka dårleg....så då måtte eg bruke smørkrem (som eg burde tenkt på i utgangspunktet) og sidan eg ikkje hadde nok melis igjen, så måtte eg bruke den brune....

Men junior jubla då han såg den i dag, og då er mammo nøgd!


Og ja, denna mammo har måtta svelge to kamelar i dag....ho har kjøpt lasersverdet som han ynskjer seg mest av alt. Eg veit han blir veldi glad, så i dag må eg bare godta at "boys will be boys".


fredag 3. desember 2010

Mus i hus


...og bestemora sitter og gynger på en stor potet....

Heldigvis er det ikkje musefest her ( som eg veit om iallefall) i dag, men desse små søte musene her!
Bestemor kom heim frå Bergen med desse søte små musene her. Og den vesle musejenta vår ville ha dei på sine nakne tær i dag. Varmt og godt inne, når det er minus 10 ute.

No skal eg til med baking til bursdagsfest i morgon. Vi skal nemlig feire 6 års dag her med 8 gutar og nokre mødre, tenker eg! Så då må vi ha noko godt å ete.

onsdag 1. desember 2010

Og vinnaren er....


 Då junior kom heim frå skulen, var det klar for trekning...
 Og vinnaren av oppbevaringspose er.....................
 TROLLMORA
Og sidan junior synst da va så utruli kjekt å trekka, så trakk vi ei som fekk trøstepremie, og det var RIGMOR. ( vi veit ikkje kva trøstepremien er enda, men den kjem saman med julegåvene oppover!!)

Trollmora må sende meg adressa si på e-posten min solveighus@yahoo.no

Gratulere til begge to!

Dørkrans

Her er årets dørkrans hos meg!!

Vi er ein gjeng med jenter, som møtes ein kveld rundt 1. desember, og lagar dørkrans saman. Vi er så heldige å ha med oss ein blomadekoratør, som kan gje litt tips og idear....og kanskje ei hjelpande hand når det "krøllar seg til!"

I år trur vi det er 8. gangen vi gjer dette, og slike tradisjonar er viktige å halde på. Då et vi pepperkaker, mandariner og sjokolade. Vi drikke julabrus, og i år hadde Reidunn med gløgg, og det varma godt!

No bakar eg julebrød og gulkrem kaka. Så snart junior kjem heim, vert det trekning!! ( Eg kan ikkje trekke aleine, då "føle" eg nesten at eg jukse....)

tirsdag 30. november 2010

Minner om konkurransen min

I morgon vert denne flotte posen gitt vekk til ein av dykk!! meld deg på ved å klikke på bildet ved sida av her!

søndag 28. november 2010

Pappa sitt prosjekt!

 Dette er pappen i huset sitt årlege jule-prosjekt! Og her er utganspunktet 2010.

Sidan pappen her har arbeidsperiode i juletida, må vi gjere "alt" no, mens vi veit at han er heime.
 Her er medhjelparane hans. Dei sit med kvar si skål med det som liksom skal vere pynten. Men tradisjonen er at dei får lov å smake mens dei pyntar.

 Så mens pappen jobbar iherdig, sit dei to "tålmodig" og ventar...mens dei vert høgare og høgare på sukker...
 Det blir jo knallfint!!
 Der var skåla tom, men ein skumnisse i handa er sikra!!

Og her er det ferdige resultatet!! Med lyslenke og greier. Veldi stili no i mørket, men kom ikkje så godt fram på bildet!

Og i dag har vi feira papsen som har bursdag i morgon! Gratulere med "29" års dagen i morgon kjære!!

Brune pinnar

 I går måtte eg bare baka litt, og då valgte eg brune pinnar. Dei er lette å lage, og smakar veldi godt.

Oppskrifta har eg henta frå Tine sitt oppskriftshefte, som du kan få i div. butikkar:

200 gram meierismør
200 gram sukker'
1 eggeplomme
1 ss lys sirup
1/2 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gram kveitemjøl

Pensling og pynt: eggekvite, perlesukker og hakka mandlar. Steik på 175 grader, ca 10 min, midt i ovnen.

Rør smør og sukker godt. Bland i resten. Elt deigen og del den i 6 like deler. Rull ut til pølser, og trykk dei flate, slik som på bildet under.
Pensle med eggekvite, dryss på perlesukker og hakka mandlar.
 Skjer dei opp på skrå i smale kaker mend dei er varme. Avkjøl på rist. Og nyyyyt!
Hysj, ikkje sei til mamma at eg har ete masse deig!!!!