lørdag 11. september 2010

Lengtar

etter å gå på kafe og drikka skikkelig kaffi, som vi gjorde på Starbuck i Barcelona! 

Der var alt du kunne drøyme om i høve kaker, muffins, kjeks, sjokolade, nypressa juice og som eg et her, ein "sunn blåbærmuffins"!! Dei kalla den light...

torsdag 9. september 2010

Draumen er vel...

Å ha så mykje pengar at eg kan handle på slike butikkar...


Men eg vel å halde meg til dei litt rimelegare butikkane, eg. Har betre samvittighet då.

Men eg er veldi gla i Mango og Zara. Og sidan dei er spanske, så følte eg at da va heilt "rett" å bruka pengane mine der...

Det vart nok shopping. Eg fekk med meg litt nytt heim. Men søndagen var butikkane stengt, og då passa det veldi fint å vere turist med strandliv!!

onsdag 8. september 2010

Barcelona 2

Her er damene klar for buss-sightseeing. Men turkise øyraproppar, solkrem på skuldrane og kamera klart, ja då var vi i gang! 

Her er eit av Barcelona-arkitekten Antoni Gaudí sine byggverk.

Ved La Sagrada Familia gjekk vi av bussen, for å studere den litt nøyare. Dette er Gaudi sitt livsverk. Denne kyrkja byrja dei å bygge på 1800 talet, og det held dei på med enda....og det som overraska oss mest, var at den ikkje er teken i bruk enda...det er den faktisk ikkje klar til.... Eit imponerande verk.

Her er 5 av 7 som var med på turen. Ein fantastisk veninnegjeng å reise på tur med!


Her er dag to på busstur. Då tok vi den raude ruta!! 


Her speler FC Barcelona sine heimekampar. Til neste år blir da kanskje tur her, saman med mannane???
Fantastisk by rett og slett.

Detta var litt skummelt...vi tok nemlig denne "glass-gondolen" ned til stranda. Fekk fantastisk utsikt, og rimelig med luft i håret. Vi hang nemlig bare i ein veier over byen.....For å ikkje tenka på kva vi faktisk gjorde, så snakka vi jamnt og trutt! Og ettermiddagen, kvelden og nesten natta vart tilbrakt på stranda. Fantastisk strand, varmt vatn i havet og god drikka i strandbaren!!

Og i bakgrunnen her, kan de sjå Fru Steffensen sin båt, som for tida er på oppgradering i Barcelona!

tirsdag 7. september 2010

Barcelona 1

Fredag den 3. september 2010 kjem til å bli ein dato eg seint vil gløyma. Det er nemlig dagen eg og 6 klubbveninner reiste til Barcelona for weekenden!

Vi hadde valgt (frivillig tvang?) to i komiteen, som planlagte og bestilte turen. Og på Flesland fekk vi utdelt kvar vår "goody-bag". Den inneheldt eit blad, reiseprogram, ei lita champangeflaska, ei lita baileys, sjokolade, pengebelte og ein liten pakke for "sikkerheten skuld"! Og som de ser, falt denne i smak hjå deltagarane.

Her har vi ankomme flyplassen i Barcelona, og varmen har slått i mot oss. Ca 30 grader og sol!

Og etter eit oppfriskande bad, ein svært sterk Mohjito, mykje "lått og løye", var jentene klare for å innta Barcelona by night! ( Eg har på meg kjolen eg hadde i bryllaup tidlegare i sommar, som eg kanskje har nemnt før...) Og høge hælar var eit must! ( men dei kom fort av igjen....)

Og Barcelona var ikkje trygg denne kvelden....       Forsetjelse kjem i morgon.....