Viser innlegg med etiketten august 2014. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten august 2014. Vis alle innlegg

mandag 25. august 2014

Det måtte bli Hay

Spisebordstolar skal vere gode å sitje i.
....og fine å sjå på.


Mannen min var vel egentlig fornøyd,
veldi fornøyd med bordet og stolane vi hadde før.
Olja eik bord, og stolar med svart skinntrekk.

Eg ville ha kvitt,
og då vart det slik.



Når mannen fekk prøvesitte i ein About a chair frå Hay,
meinte han at sånne måtte vi ha!

JIPPI!!!


Kjøkkenet frå ein anna vinkel enn vanleg.
Må jo og få med dei fantastiske PH-lampane mannen 
kjøpte til meg.


Hausten er tid for å tenne stearinlys og kose inne.

No er det derimot meldt sol og varmt den neste veka,
så då vert hausten utsett litt til.


Stolane passa perfekt til bordet,
og til golvet vårt.


Perfekt

Eg er veldi fornøyd med stolar, bord, kjøkken,
ja, det må vel vere lov å sei at eg er veldig fornøyd med interiøret mitt for tida!

søndag 17. august 2014

Sommaren er på hell




Sommaren er på hell,
 det er berre å innsjå det.

Men for ein sommar vi har hatt.


Dette har vore den sommaren vi drøymte om i vår.
Tenk viss dette kan bli den sommaren,
som er så varm og fin, at vi kjem til å snakke om den i mange år framover!"

Jammen fekk vi rett.

Litt nytt i huset sidan sist.

Sofabord frå HAY
Korg frå Bloomingville 
(gåve frå ei veldi kjekk svigerinne)

Pledd som mamma har strikka,
og eg fekk til bursdagen min i juni.

Det er så fint, at eg tør nesten ikkje bruke det!



Bo-Bo som mine to små kalla apen frå Kay Bojesen.
Den kjøpte dei til meg til bursdagen! 
Den er blitt det 6. familiemedlemmet vårt.

Lysestaken frå Tom Dixon fekk eg og til bursdagen! 

Mange flotte bursdagsgåver,
er heilt overvelda,
for enda fleire fekk eg.
Eg er heldig!




Tv-stova vår er blitt heilt ny i sommar,
og mannen måtte innrømma at den er blitt mykje
kosligare og "lunare" med ny sofa mm.

I morgon er det skulestart for tullemor.
Sekken er klar,
nye kle og sko ligg i skåpet og ventar.
Tenk, no er vi ferdige med barnehage og begge to går på skulen.
Ei i 1. klasse og ein i 5. klasse.

Denne søndagen skal vi kose oss saman,
før mannen reiser på jobb i kveld!

God søndag til dåke alle!