torsdag 25. september 2014

Ikkje heilt ferdig...







Eg er ikkje heilt ferdig med NYC enda...
det var jo så mykje kjekt der.


Noko av det Carrie i "Sex in the city" har lært meg,
er å rope på taxi i New York.

Jammen hadde eg teken.
Det var bare å knipse, så kom dei.
Så med handleposane i handa, litt vin i blodet,
vart det mykje latter når vi skulle fabrikkere eit
"knipse etter taxi"-bildet.


Time Square by night


Verdens minste politistasjon
New York Police Dept


....og her frå daten vår....



The stars will align


For oss er Hard Rock Cafe noko veldig amerikansk.
Det var difor heilt naturleg å besøke denne på
Time Square, og ete hamburger.


Litt spa med fot- og neglepleie passa
godt på travle damer.
Litt kos og nytelse må vi unne oss og.
Så nokre timar her var på sin plass.

Veldi kjekt å gjere sånn som dei gjer på film,
med å sitje alle 8 på rekke og rad,
mens 8 koreanske damer stulla og stelte oss.


Det er ikkje ofte eg steller negla mine,
men dei vart veldig fine og haldt faktisk 
heilt til eg kom heim !!


Må jo vise fram den lekre rosa 
Michael Kors vesko eg kjøpte meg på turen.

Før eg reiste hadde eg spara og bestemt meg for å 
kjøpe ei veske og to.

Det vart to vesker og ei clutch frå favorittdesigneren.

Pengane fekk bein å gå på, ingen tvil. 
Så no har eg byrja spare til neste tur,
for det blir ein neste tur!!!