lørdag 11. desember 2010

Favoritt barnekle butikk

 Min favoritt barnekle butikk ligge på Halsnøy, og heitte Little Blå. Den er bare så "deilig", viss da e eit ord eg kan bruka om ein butikk.
 I går var eg innom der ( etter eit møte på øyo) og fann denne Noa Noa kjolen til halv pris. Eg slo te.
 Og då måtte eg ha ein topp inni, og strømpebuksa te. At strømpebukso kosta meir enn kjolen, er nå så som så.
 Håpe tullemor blir fin i denna i julo!!
Bodil BO har laga logoen deira. Stilig!

Dei fører mange fine merker som Mexx, Dundelina, Chill, Cupcake osv. damo som jobba der kunne fortelja at vi på andra sio av tunnelen var veldig flinke å handla der. Da kom te og med fullasta bilar frå Rosendal for å handla på øyo!! Men eg forstår. Det er mange fine butikkar der.

fredag 10. desember 2010

Førjuls presang

 Junior hadd eit opplegg i går. Han trengte tape og julapapir, og eg måtte ikkje koma opp på rommet hans...

I dag kom han med gåva....trur ikkje han klarte å halda på hemmelegheita lenger...


 Og inni var stjerna han hadde laga til stjerneutstillinga på Jul i Rosendal, ei stjerne til og eit par andre pynt.

Kva varmar eit mammahjerte meir enn slikt?? Eg synst det var kjekt eg fekk den no, då eg kan pynte med den i tida frametter. det var han einig i.

No sit vi i sofaen og kosar oss. Vi bomma litt på tida til X-factor, så då blei da handballkamp istadenfor....eg er nøgd, men junior ikkje nøgd....

torsdag 9. desember 2010

Norgesglas

Eg er veldig glad for at eg har teke vare på alle Norges-glasa eg har fått og funne(!). No set eg veldi pris på dei, og bruker dei stadig vekk. Men ikkje til hermetisering eller sylting, men stor sett alt anna.
 No er det brune pinnar ( merkeleg ....var den ikkje full sist eg såg??) og gjær! Dei står til vanleg på kjøkendisken, slik at dei er lett tilgjengelege. Og med desse flotte og julete "hettene" blir det veldig sånn koseleg-jule-kjøkken-detalj!
Vi har hatt ein roleg ettermiddag i dag. Mannen reiste på jobb i går (kjem han heim til jul, mon tru?) og den harde kvardag har innhenta oss.

Vi kosa oss med tomatsuppa til middag ( tusen takk til naboen som redda meg der!) sidan det var det ungane ynskte, så- mange- kakemenn-vi-ville-ha, til dessert og opptak av Jul på Månetoppen  heilt til barne-tv byrja på skikkeleg!

No er julakorto klare for utdeling/sending og! Godt med alt som er gjort.

Gler meg te ein kosleg kaffiavtale på Toftes bakeri i måro!!

onsdag 8. desember 2010

Kokosbollar

 I går laga eg årets ladning med kokosbollar, og eg skal dele oppskrifta med dåke.

Ta 2 dl vatn og 500 gram sukker og kok det i 12 min. Avkjøl det.

Legg 8 plater gelantin i bløyt i kaldt vatn i 10 min. Etterpå knepper du ut vatnet, og legg dei i ein kjele med 1 dl kokande vatn. Viktig at det ikkje koker etterpå. Avkjøl dette og.

Sukkerlaken, gelantinen og 2 ts vanilje sukker piskast svært godt, til ein krem. Eg trur Kenwooden stod på i 45 min.

Ta kremen og lag toppar på bakepapir. Eg brukte Tupperware "kremsprøyte" til det vart for klissete, etterpå brukte eg bare skei. Du kan no velge kor store dei skal vere. Set dei så til avkjøling. Eg gjer dette stort sett når det er kaldt ute, fordi eg ikkje har plass til det i kjøleskåpet mitt. La dei stå i eit par timar.
 Ta 2 plater mørk kokesjokolade, og 120 gram kokosfett/delfiafett og smelt i vannbad. Dette er dobbel porsjon på sjokoladen, og eg brukte opp alt i går.

Dypp kremtoppane i sjokoladen (bruk to gaflar), og rull dei så i kokos. Avkjøl dei på nytt. Og vips, så har du kokosbollar, som smakar nesten betre en dei du kjøper!! Oppbevar dei i kjøleskåpet. Dei kan og frysast.
Denne skal eg ete no!!

tirsdag 7. desember 2010

Jul i mitt hus

 Her kjeme nokre bilder frå årets julepynting på "alteret" mitt, som mannen kaller det!
 Her er den einaste plassen er kan pynte og dille, med alle tinga mine.


 Eg har verkeleg hjarte som tema i år. Desse har eg sydd sjølv.
 Ungane fekk kvar sin nisse hos bestemor. Dei har ho laga, med utgangspunkt i ein champanje kork. Og sidan det er blå og raudnisser i barne-tv i år, passa jo desse perfekt.


 Ta naturen inn, er jo vedig trendy no. Eg var ute i hagen på søndag, plukka med meg litt mose og kongler. Svibel er ein av dei finaste blomane no, men finast før dei spring ut i blom.

I kveld har vi laga kokosbollar. Det skal de få sjå i morgon!

søndag 5. desember 2010

Islykt

 No når det er så kaldt ute, er det lett å lage islykter! Då tar du ein behaldar (mannen min brukte ei bøtte) som du fyller med vatn. Husk på at vatn utvidar seg når det frys! Når den nesten er heilt frosen (her ca 3 døgn), har den frose ovante og ned, slik at du kan ta den ut. Snu bøtta opp ned, så kan du hakke vekk det som var i botn på bøtta, og du får ei fin lyslykt. ( Vi fann oppskrifta på nettet!)
 Veldi stemningsfylt og fin ute no. Og det er så kaldt, at denne lykta har vi gratis ganske lenge!
Ein trend innan interiør no, er å ta naturen inn. Dette er ein super trend, då den er heilt gratis!! Du tar med deg ein kvist, litt kongler og mose, og vips, så er du me`du og!!

I går var vi på julebord. Det var veldi kjekt, og eg kosa meg skikkeli! Eg har vore i fin form i dag, og vi har vore på julematinè for idrettslaget her i bygda. Då vann eg ein svibel, tullemor vann ei Mamma Mø bok, og mannen ein vinkelslipar! Junior vann ikkje, men det trur eg faktisk han fortrengte.... uansett, dagen har vore super. I morgon er junior 6 år, og han skal få muffins med lys på senga, og ny sykkel står klar i stova!!!

Ha ein fin søndagkveld alle saman!