onsdag 7. juli 2010

Skulegut

I august byrjar den vesle guten min på skulen. Og han er veldi klar. I dag har han og bestemor vore og kjøpt skulesekk. Dette var noko bestemor hadde veldi lyst å spandere på gullguten sin. Her er bilde av ekstrasekken (gymbag etc) som han og "måtte ha".
Og her er sekken. Han valte den ut heilt sjølv, med matchande pennal.
Han vil alltid vere litt kul på bildene, så her er kulingen min. Og viss du lurte litt på da blå håret??! Så har han vore til frisøren og i dag!

tirsdag 6. juli 2010

På flyttefot!


No står huset på hovudet, rett og slett. Vi er nemli på flyttefot! Vi skal flytte inn i det minste raude huset du ser, på nedre rekke. Og viss du ser litt lenger bort, så skimtar du to kvite tomannsboligar. Litt bortforbi dei ligg tomta vår!!!! Skjønnar du kor perfekt alt ligg?? Eg kjenner meg så heldig. 
Her er tomta, sett frå oven. Mannen var med Frode på tur ein dag i solskinnet, og tok masse bilder. Tomta vår ligg ca ved sida av den grunnmuren du ser, mot tomannsboligane. Der er skog enda, men snart skal det hoggast ned.
                                                     Her er Omvikdalen ovenfrå.

Som sagt så er vi på flyttefot. Mannen har køyrt mykje opp, då vi har fått overteke garasjen der oppe. Huset får vi fredag morgon. Då har eg fri, og saman med naboen skal eg køyre opp da vi kan. Storebror og pappen min skal hjelpe meg på fredag kveld, med alle dei store tinga. Ungane skal sove hos bestemor. Og lørdag, ja, då e vi flytta alltså!!! Og oppi alt....kan da henda at mannen må reisa på jobb frå torsdag til tysdag....