Ein dag som starta med solskinn og blå himmel,
men som fort endra farge og slusene opna seg.
Frukost med flagg og litt ekstra godsaker høyrer med,
før bilrebus står på programmet.
I år var eg i matkomiteen,
og baka snopekaka som eg hadde med meg.
(Oppskrift finn de litt lenger nede på bloggen)
Dagen blei flott,
uansett kva vær det var.
Ungane deltok på leikar,
far fekk snakka med kjentsfolk,
mor passa på at alle fekk mat,
og for bessen heiste alle flagget denne bursdagen og!
Finaste bunaden som finns,
og nypussa sølvtøy var klart.
Hipp hipp hurra!!
Så er det eit heilt år til neste gang!