lørdag 26. november 2011

Leik med mose


Der eg går på min faste tur, til Aterstad, er det masse fin mose. Eg har brukt den som heng på steinane, for då kan eg bare løfte den av.

Eg tok den heim på tørking, men blomedekoratør kusine sa at eg ikkje trengte tørke den, for den er lettare å jobbe med når den er fuktig.


Så leika eg meg litt med kva eg skulle bruke den til. Endte opp med ein ball, som eg surra sølvstreng rundt!


Naturleg dekorasjon på stovebordet.

No er frukosten eten, og vi skal gjere klart til kakemannbaking. Gler oss til koselig besøk som skal hjelpe oss å ete og bake ut deigen!!

fredag 25. november 2011

Omaggio




Korleis skulle eg klare å vente til jul, når den stod der og blinka til meg i butikk vindauga?


Ute herjar Berit, men inne har vi fått helgeroen, film og litt godis.

Plutselig så hadde eg hengt opp julagardinene, sånn poff... Og ny julestjerne er klar til opphenging. men det skal eg ikkje før i måro kveld. Den skal ikkje tennast før fyrste søndag i advent.

Vi har mykje å gle oss til frametter; tre bursdagar og julafta, Nissefest, julematinè, Putti Plutti Pott, Juletrefest, julefrukost, baking, pynting, pakking, eting....åh du herlege førjulstid!

onsdag 23. november 2011

Rolig, det ordner seg


Gårsdagen var prega av ein panikkliknande følelse... no MÅ vi velga.

Parkett, Tarkett, Teppe, plater, fliser, fagra, dører, handtak, lister...

Ok, då må vi ta ein ting av gangen. Jo, vi har bestemt oss for da mesta, vi har bare ikkje formalisert da. 
Punkt 1: Set opp ein avtale med Frank. Ok!
               Punkt 2: Ta med boka der du har skrive ned alle tankar og                       planar. Oj, her var det lite tankar og planar. Koffor har eg ikkje skrive inn i den sånn som eg hadde planlagt????

               Punkt 3: Finne ut kva side ytterdøra skal vere hengsla? Kjære vene då, tenk logisk og praktisk...shit, ka e best då?

Rolig, det ordner seg....
            


Møtet er gjennomført. Plater er valgt, dører er valgt, ( ei høgrehengsla, og ei venstrehengsla.)Innedører er valgt, med demping (den tok eg ein sjefsavgjersle på, ser for meg når tullemor blir 13 og skal smelle med dørene...ooopss den smalt ikkje, fordi mamma valgte demping!)

Eg er så bra!

Det er du og. 

Ha ein triveleg innekveld, for det er ikkje vèr til noko anna. 


Mi ønskeliste hos Hviit.no

    


Vil du legge inn di ynskjeliste, kan du gå inn her og gjere det!

søndag 20. november 2011

Julebok


For 3 år sidan byrja eg å abonnere på Bo Bedre si julebok "Den store juleboken". Eg finn alltid mykje inspirasjon til pynting og baking i denne boka. I år har dei laga aktivitetar ein kan gjere dag for dag i heile desember.


Både Bo Bedre og eg har sansen for lerk og andre naturmaterialer.


Eg har veldi lyst å lære å lage slike papirstjerner. Kanskje eg skal søke oppskrift på "nettet der ein kan finne ALT!"




I år har eg ikkje kjøpt nokon av desse juleblada som kjem ut. Eg abonnerer på 4 (!) ulike blad for tida, og får nok både tips og inspirasjon til juletida der.  


Flotte innpakningar er alltid kjekt å ha under treet. Eg får av og til eit innfall av at det skal eg og gjere i år...men så er det veldig sutalaust å få det innpakka i butikken. Enkelte butikkar har ganske så kjedeleg papir, og båndet som dei prøver å krølle....er av den "billige" sorten, og før det er komt i posen, er dei flate og lite fine. Faktisk så kunne eg betalt litt ekstra for å få fin og stilig innpakking på butikken.

I dag er det fina været, bare å komma seg ut!