lørdag 4. januar 2014

Nytt år, nye muligheter!


Allerede fjerde januar i det nye året.
2014 skal bli eit godt år, det håpar eg.

No ventar vi på lyset, lysare dagar, 
trur vi treng det alle.

Siste tida har det vore mykje regn og vind, 
lite "kvit jul" her iallefall.



Til jul fekk eg desse stripete bordbrikkene og den store skåla
av mi gode veninne "Baronivegen".

Perfekt hos meg.

No treng eg ikkje ha voksduk eller liknande på bordet,
og det flotte kvite spisebordet mitt kjem meir fram i kvardagen.
Både brikker og skål er kjøpt på Ikea.

Lysestaken frå KG Design Sweden har eg hatt lenge, og synst den kjem så godt fram no.



Kvite tulipanar i Aalto vasen frå Iittala.


No har eg tilsaman 10 slike Mia stolar frå Bohus,
og behover for 7-eren er ikkje så stort lenger...
Kanskje ein gong....


Januar byr alltid på nye utfordringar og nye muligheter.
Eg vil gripe mulighetene.

Desverre har eg blitt plaga med migrene, og dette er svært hemmande i dagleglivet.
det kjem når det passar minst, og kanskje nettopp på grunn av det....

Kroppen min er avhengig av nok søvn, frisk luft og fysisk aktivitet.
Då MÅ eg faktisk prioritere nettopp det.

Eg vel å fokusere på dette neste året,
må kanskje prioritere annleis,
velge vekk ting,
men kva er vel viktigare enn helsa vår?

No er det laurdag,
mannen skal snart lage middag,
og vi skal ha ein roleg kveld.

Nyt laurdagen alle saman.