tirsdag 22. mars 2011

Gåve på vandring!


Denne nydelege gåva fekk eg av Malena med bloggen hellohellobaby.


Og det som føl med denne gåva er at dei 3 fyrste som kommenterer under dette innlegget, får ei lita gåve hos meg. Eg har ein del lesarar som ikkje har eigen blogg, og eg har valgt å la alle kommenterer, om dei har blogg eller ikkje!


Så mens eg spent føl med på kven som vert dei 3 fyrste, skal eg kose meg med ein kopp Geisha te!

Tusen takk, Malena. Denne gåva vart midt i blinken for meg!

søndag 20. mars 2011

Nye puter hjelper alltid på humøret


Plutselig ein dag fekk eg ein e-post, eg ikkje kunne la vere å lese. Den inneheld eit tilbud frå HM HOME. 50 % på utvalgte varer. 

Og der var dei. Putene eg har ønska meg. Putene eg lot ligge igjen på Kremmerhuset sist eg var i Åsane. Putene eg ikkje klarte å gløyme. Putene mine.


No er putene mine komt heim.


Lyserosa velurputer til kr 99,-

Eg er i lykkerus enda. Og at det låg ein ny bluse i pakken, var jo bare ein bonus. Og den brukte eg eit 20 % på ei vare-tilbud. Eg trur nesten eg har tent litt pengar eg!!

Humøret steig når putene kom i hus, og ikkje minst at mannen kom heim i går kveld. Det ordner seg nok men eg er framleis fortvila og lei meg. Men no har eg iallefall ein å dela det med.

Og kjære Malena, det var ikkje teen som skuffa!! Den kom i posten for nokre dagar sidan, men eg har ikkje fått testa den enda. Innlegget kjem før du anar!