lørdag 20. oktober 2012

Dagen derpå...


....er ikkje så aller verst.

Var i bursdag til ei veldig god veninna i går.
Skulle nesten ha vist dåke bilder frå det flotte bordet ho hadde pnta til vi kom.
Det var kjempefint med flotte haustfargar og enkel, lekker pynt!


Vi er ein flott vennegjeng, som ler mykje saman. Når vi er samla,
er det bare å ha på vannfast mascara, for vi ler så tårene trillar.

Kor mange år vi har vore samme "gjengen" veit eg ikkje, men 10-15 år er det vel blitt no. 
Fleire har komme til, og ingen har flytta etc, så vi er ganske stabile.
Vi har delt både sorger og gleder oppgjennom,
og eg kunne ikkje vore den eg er i dag utan!
-Takk-

Så til give awayen:

Så flott at så mange er med!!
Har du ikkje teke lodd enda, kan du forsatt gjere det ved å gå inn her




torsdag 18. oktober 2012

Eat pray love


To innlegg på ein kveld,
"no e ho i seget!"


I går var eg innom 
Jordbærpiken  sin blogg. 
Ho hadde lagt ut denne
"posteren" vi kunne printe ut sjølv.
Veldig fin!

Med gips og maling i huset, har eg brukt ein del av dei flotte tapàne
eg har kjøpt. Det er jo så lett å klistre opp
- og ta vekk igjen når eg er lei.



No heng den på veggen med klokka,
 sånn at eg er sikker på at eg ser den heile dagen.


Finaste kjøkkenet, med dei finaste lampane!

Ha ha ha, du trudde at eg alltid har så ryddig kjøkken, du! 

Ha ein regnfull og forblåst torsdag!
- da e da iallefall her -

Makramering


Kven hugsar vel ikkje formingstimane på skulen?
Der vi lærte å makramere!


Tanto mi har gått på makrameringskurs, ho faktisk! 
Der laga ho denne ugla.
Eg fekk den, då vi skulle dele minna etter besto mi.


Fin?


Både denne ugla og andre ugler,
eg kan nesten ikkje få nok.
Men kvar skal den henge?
Eg trur eg må tenke litt på det.

mandag 15. oktober 2012

Snart hundre tusen


I kveld vil teljaren over treff på bloggen,
bikka 100 000. Weeeee

643 blogginnlegg sidan starten i 2008/2009.
Bloggen har utvikla seg frå ein bryllaupsplanleggar,
til kvardagen til familien, til husbygging og innflytting,
og no mine interesser for interiør og andre kvardagsgleder.



Tusen takk til alle dykk som er innom bloggen min,
lese, ler, grine, humrar, kosar dykk og likar det eg bloggar om.




Eg feirar med bilder av dei nydelege Wik og Walsøe lysastakane
eg har unna meg.
( Eller, eg trur ikkje eg får lønn før utpå nyåret med  alt da eg unne meg...)

Desse kan du sjølvsagt få kjøpt på
Fredheim Blomster, og finns i fargane 
kvit, grå og champanje.

...og så drikke eg chai tea latte... ka e da for noko egentlig??
Smaka dårleg.