lørdag 5. mars 2011

Tallerkenhylle i mars


Vårfølelsen er her. Og då kjem rosemønsteret snikande fram, litt og litt.


I dag fekk Green Gate servise mitt komme fram frå skåpet. No er det plassert i tallerkenhylla mi denne månaden. 


                                                         Skiltet i hylla, seier vel sitt ?!?


Eg har vore og kjøpt ein liter med maling i dag. Fleire stadar har eg lese om Jotun Lady Pure Color, sin farge "Refleksjon". Eg har eit ynskje om å ha den på veggane i huset mitt, men eg må "sjå" på den litt. Har no planar om å male kjøkkenkrakken min i den fargen, og sjå korleis det blir.

Grandisen er snart ferdig. Ha ein god laurdag!

fredag 4. mars 2011

Helg igjen!


                                           Med ei skål fylt med jordbær, har vi teke helg!


Mannen er reist på jobb i 14 dagar. Vinterferien er på hell. Eg har testa dei nye slalåmskia mine, og da var som ei god veninne pleie beskriva da: "dritgøy". Yr.no seier sol i morgon. Tullemor er snart 3 år. Frysen er full i bollar. Byggestart vert ca 6. juni. Junior sa han var glad i meg og eg er den beste mammo i verden. Begge ungane søv, så no kan eg ta fram støvsugaren og gjera da som ei husmor må, etter ei aktiv dag med to små. Håpar på at dei søv lenger enn 06.30 i morgon. Det er alt for tidleg....

Ha ei strålande helg alle saman!

onsdag 2. mars 2011

Kult design



Etter at våre to små har hatt ein del "tørr hoste" sidan tidleg haust, har vi prøvt ut mange tiltak for å betre dette. Ein veit vel aldri heilt kva som gjorde til at det vart betre, men eg har verkeleg tru på denne luftfuktaren.


Det har blitt mindre hosting her hos oss, etter at vi kjøpte denne. Har og høyrt at fleire med varmepumpe har måtta fukte opp lufta litt.

At den skulle vere kul i designet, er jo positivt det!!

tirsdag 1. mars 2011

Inspirasjonstur


Sist fredag var eg og mannen på inspirasjonstur til Bergen. Vi var innom Ikea, HTH, Stoff og Stil ( veeel, det var vel mest for min del nett no, og hadde lite med nytt hus å gjere...) og "Gjør din bolig bedre messe".

Ikea er det det er, og du får det du får. Dei heldt på å lage utstilling av kjøkkenet eg vil ha. Difor må eg nok tilbake om ikkje alt for lenge og sjå meir. Litt dumt at ikkje dei hadde klart å lage det ferdig til eg kom, synst no eg.

HTH var ein stor skuffelse i butikken på Danmarksplass. Dårleg service, og egentlig dårleg utstilling, spør du meg.




                                           Kvit ovn og micro til kvitt høyglans kjøkken?


Eg skal ikkje ha den kvite porselens vasken, som mange andre i bloggverden drøymer om. Eg er godt nøgd med vanleg stålvask. Den skal vere nedfelt i benkeplata. Får vi det dersom vi velger heiltre-plate?


Enkel trapp, kvit med ask-trinn, stål rekkverk. Draumen er glassrekkverk. Men kva trur du det kosta? Mykje meir enn da vi kan prioritera til trapp. Kanskje eg får det oppe i gangen, langs trappeholet?


 I "gamla huset" hadde vi eit høgskap, der skuffene var festa i døro. Vi trakk ut heila skapet når vi åpna døra. Her er det heller mange skuffer vi kan trekke ut, og eg trur vi går for den.


Og jammen meg er det komme ein ny type karusell til panner etc. Denne kan du dra ut av skapet, mot deg, og ikkje ein sånn som bare går rundt i ring...Herleg alltså.


Denna benkeplata likte eg. Eg vil eigentleg ikkje ha olja eik plate, fordi eg vil ha ting mest mogeleg vedlikehaldsfritt. ( Vi har olja eik spisebord, og dersom du gløymer eit glas med litt vatn under, ja, då har du ringen der! ) Eg vert nøgd med ei laminert plate, bare eg finn den eg likar.

Og det vert ikkje fingermerker på da kvita høyglans kjøkkenet!! 

Har du noko tips til ting vi bør tenke på når vi skal bygge kjøkkenet vårt? 

mandag 28. februar 2011

Kreativiteten blømer del 3


                                    Eg viser siste putekolleksjonen og, når eg fyrst er i gang!!


                        Då eg skulle ta bilde av putene, var sofaen okkupert som "tangs" for to små. ( Det er mykje krig i leiken for tida. Og ho på snart 3, er sjølvsagt med...at ho mor ikkje er super begeistra er ei anna sak...)


Putene vart uansett veldig fine i mine auger, og dei friska veldig opp i dei ellers duse fargane som er frå før.

I dag kom mann og barn til Husnes, og møtte meg etter jobb. Vi var på Peppes og åt middag, og junior fekk bruke siste rest av bursdagspengane på ei ny Star Wars lego- romskip! Han bygde heile aleine, og ho mor er imponert og stolt! 

søndag 27. februar 2011

Kreativiteten blømer, del 2


På fredag var eg på Stoff og Stil og fekk ny inspirasjon! Eg hadde valgt meg ut dette stoffet de ser på bildet, og medan ei av dei som jobbar der klypte det opp for meg, såg eg ei slik tavle henge på veggen. 

På Europris kjøpte eg for 2 år sidan, nokre blanke lerret ( som planen var at ungane skulle male på.....men som vart liggande...) og det kom eg på i dag. 

Med stiftepistol og saks, var det berre å setje i gang!


Litt sløyfeband hadde eg liggande, og einaste utfordringa var å få det stramt nok, sånn at eg kan feste bilder og andre ting innimellom.


                                        Her er baksida, og det var svært enkelt å stifte det på!

No ventar vi bessen på heimalaga kjøttkaker, som mannen skal få all ære for i dag! Bestemor er på sin årlege sydentur, i ikkje mindre enn 5 veker, og då må vi "passe på" bessen litt!