fredag 20. januar 2012

Dyrisk


Dyrisk, natur, svart/kvitt, striper og "det enkle er ofte det beste", preger stilen min i byrjinga av 2012. 

Sjå bare kva som vart med i posen, etter ein snartur innom Kremmerhuset på Amandasenteret i dag.


Eg var på jakt etter Uglelampen som Kalas Mystiske Hjørne skreiv om i dette innlegget. Men dei var tomme...hadde bare fått inn 5 stk, og vart utsolgt på ein dag... Skjønar eg godt.



Måtte jo ha med ekornet og.


Fin fint i den skrokkete sofaen min.

Og så han der typen i vindauga då... Han sat i Kiss-panelet på "Popstokk", og hadde tilogmed Sauen Shaun tatovert på armen...

Mannen min og eg har vore i Haugasund og henta kjøkkenet i dag. Har tatt runden på andre butikkar og, så no vert det raudt stæsj på eine badet. Men kvar for eit av dei?? Det er ikkje avgjort. 
Eg er forelska i Slettvoll bordet, som ser ut som rekved med glassplate på...
Eit vitrineskap i svart på Living kan bli mitt ein gong. 
Ølen Møbler valgte eg vekk i dag, men ver trygg...eg kjem tilbake!! Eg skal bare flytta inn fyrst...



mandag 16. januar 2012

Vår?


Nei, det er ikkje vår heilt endo. Ikkje på kalendaren iallefall. Skikkeleg vinter har glimra med sitt fråvær. 


Tulipanar er som vår for meg.


15 sykker for 99 kr er heilt greit. Flotte fargar som gjer meg glad. Og set du dei kaldt om natta, så har du dei lenger enn langt!




Sjå kva som blenkjer i bakgrunnen!!!

Er du lei av maset mitt om lampen? 


søndag 15. januar 2012

Ugler


Når eg får sånne flotte ugler til jul, ja då vert eg veldig glad. Eg blir så glad for at dei som kjøper noko til meg, har tenkt på meg når dei såg denne ugla. Tusen takk til Rodihob, som eg fekk denne flotte ugla av. Det står på hedersplass.


Denne skjønne sjarmøren her fekk eg av svigerinna mi. For eit prakteksemplar. Den står framme saman med den andre.


Kongla frå By Nord, fekk eg av bror min og sambuaren hans. Blei nesten stum når eg opna den. Den er bare råflott. Eg kjem ikkje til å pakke den ned saman med julepynten. Kan ikkje la slike skattar ligge nedpakka eit heilt år.

No er det klargjering til skirenn, pølser på termos og kakao. Vi er klare for gull!