fredag 8. juli 2011

Sommarfølelse


Jobbar best under press, er vel noko som passar best til meg og mannen min.. Ting skjer som oftast ikkje før da må, men då skjer da iallefall.

Denne gangen var det dette bordet som skulle malast, saman med ei hylle eg kjøpte på loppis.



Bordet skal eg ha med meg på flyttelasset denne gangen, medan hylla er pakka ned til det nye huset er klart.



Sommarfølelse får eg av roser og kvitt.


Samme knott som eg brukte på skoskåpet mitt, og den siste dei hadde igjen på "Stemning" av denne. Eg spurte fint om eg kunne få kjøpe den som hang i utstillinga, og det fekk eg.


Tullemor ville og vere med på bildet. Då vi var i syden tok eg berre med "jentekle" og ho hadde dei på seg utan problem. Ho gjekk i kjolar, rosa og lilla. Men etter at vi kom heim, har ho sjølvsagt berre gått i arvekleda etter Isak; Cars, Tom og Jerry, grønt og blått! Ja, ja, nydeleg er ho samma kva ho har på seg.


Ho hjalp og mamma med pussing og maling. Det vil sei, ho mala med vannmaling på papir ved sida av meg. ( neimen, lilla tunika og tights!!!)

Og som de ser, vi flytter atter ein gong.


Her er "før" bildet av bordet.

Ellers så nyter vi ferien. Vi har ein del sol og varme, og litt regn innimellom. No ventar kaffi og blad ute i sola. 

Ha ein strålande fredag. God ferie til dei som har det, og god helg til alle andre!

torsdag 7. juli 2011

"Tips og inspirasjon til hjemmet"

"Tips og inspirasjon til hjemmet" er ei side eg oppdaga på facebook, som er akkurat det som tittelen seier, mykje god inspirasjon for sånne som meg. Og med sånne som meg meinar eg sånne som likar å male om ting, om-møblere, gjere gamalt om til nytt, og andre ting som har med innreiing og interiør å gjere.

I tillegg har dei mange flotte samarbeidspartnarar, og heile tida dukkar det opp konkurransar der vi kan vinne flotte produkt!! Eg var så heldig å vinne Gloveables på denne sida! 

her har du ei som liknar på meg når eg tar dei på meg....

Klikk her for å komme til bloggen til "Tips og inspirasjon til hjemmet", og her for å komme til facebooksida.

søndag 3. juli 2011

Før og etter


Sånn som detta såg huset vårt ut då vi reiste på ferie...


...og sånn såg da ut då vi kom heim, to veker etter!

No kan eg sjå romma, takhøgda, utsikt og så vidare. 6 månadar venting på dette skal eg klare. I dag har eg vore på synfaring i leilegheita vi skal leige frå 1. august ( viss han blir heilt klar då...)og den ser veldig bra ut! No har det ordna seg med lagringsplass for alt vi ikkje skal bruke og, takka vere god nabo!! 

Så eg seie da igjen, eg; "da ordne seg alltid for snille jenter".