torsdag 31. januar 2013

Ny puta i knæsj farge!


Sjekk den flotta puto eg har fått meg!!



Passa perfekt inn i mellom det grå,kvite og svarte.



Puta har faktisk vore ei jakka,
som vi fann i huset til besto.
Mamma har nok vore den som har designa denne flotte kreasjonen.

Sidan det var knappar framme,
var det lett for meg å bare sy den rett over oppe og nede.
(NB Viktig med 2 saumar og sikksakk ytterst.
Litt kjedlig viss det raknar opp att!)



Kjipp kjapp flott pute, laga sjølv og alt!
Friskar opp i sofaen denne.

Takk for flotte kommentarar på sist innlegg.

Kjekt å leike seg litt med redigering av bileter.
Er mest nøgd med det øverste, blei så tøffe fargar!

God helg til alle!

No tar eg helg, vi skal til Vågslid i helga saman med kjekke vener!

Gler meg mykje!

onsdag 30. januar 2013

Evnen til å kose seg


Rosebukett frå ei god veninne på ein heilt vanleg kvardag.
Kaffi
Appelsin
Grove kjeks
Svart og kvitt

"No kosar ho seg"


Evnen til å kose seg, den har eg heldigvis inntakt.
Bileta tok eg på måndag, dagen eg hadde fri.
Dagen var sett av til husvask. 
Eg brukte 3 timar på jobben,
og var rimeleg fornøyd etterpå.

Vaskerommet var fylt med kle som skulle leggast saman,
men eg valgte heldigvis å setje meg ned i sofaen med kaffi og litt kos.




Blad som ikkje var utlesne låg klar i sofaen,
og dei vart lesne begge to.
Og godt var det, for i dag kom det nye.
Abonnere bare på 4 no, og det skal reduserast til 2.....
kanskje....

Skal eg fortelje deg noko du ikkje visste...


....det regnar i Dimmelsvik!!!

Ikkje bare litt,men mykje...

Woop woop no skal eg pakka,
for vi skal på tur!


mandag 28. januar 2013

God morgon!


Tulipanar høyrer årstida til.
Eg kjøper gjerne mix-bukett med fleire fargar i.


Tulipanar er like fine når dei står i knupp, som etter at dei spring ut.


Flotte "pusekattar" puntar opp buketten litt ekstra.

Buketten min skal få stå ein dag til.

No skal huset vaskast..... gler meg til det er over.

søndag 27. januar 2013

Gangen vår


Tusen takk for kjekke kommentarar på innlegget om kjøkkenskåpet.
Eg som trudde eg var heilt aleine i " denne verden", men vi er jo fleire.
No er eg glad!!

I dag vil eg vise eit av dei romma eg er mest fornøyd med i huset vårt:
nemleg gangen.


Eit skoskåp frå Ikea. Var eigentleg "eikefarga", men vart måla og skifta knottar på, for ei tid tilbake.


Turkise ku-bileter av Gunilla Holm,
eg diggar dei.


På veggen i trappa har vi betongtapet frå Storeys.
Den har vi fått mykje skryt for,
og det er faktisk ekte mannfolk som har måtta kjenne på den for å 
konstantere at det ikkje er ekte betong.

Stilig.


På veggen har eg dei kjente "Husreglane".
Eg valgte den engelske versjonen,
då eg likte den versjonen best.

Klarar vi å leve opp til desse reglane,
ja då er vi gode.

God søndag til alle!