lørdag 6. oktober 2012

Linselus


Voldsomt kor eg e i avisa for tida...
og meir ska da bli....

Kunstprosjekt

Bilde lånt frå Kvinnheringen.no

Omvikdalen skule har hatt kunstprosjekt
saman med Ian Garlant og Eva Attramadal.
Fredag vart alle elevane invitert inn i gymsalen der det var dekka på til alle, 
med deira
eigen kuvert.


Her er junior sin.


Her er favorittane komme med i menyen.

Du kan lese meir om det her,
eller i papirutgåva på måndag.


fredag 5. oktober 2012

Helg og haustferie


Cappucino og nytt blad på ein fredag!
Helgelykke!
(Joda, det kom før i veko, men eg har ikkje hatt tid til å lese før i dag!)


Og enda betre,
no er det ganske så ferdig rundt huset!
Endeleg.


Han er ganske så flink,
han der naboen.


No kan jaccusien bare komma, 
eller eg kan bare drømma??


Haustferien står for døra. 
Eg hadde ei veke ferie igjen, som eg tar no.
Fyrst skal vi vere heime og kose oss i helga, 
junior har overnattingsbesøk
og imorgon skal vi bake bollar!

Ja, det er lov å komma på besøk og smaka!

onsdag 3. oktober 2012

Give Away


I godt samarbeid med Fredheim Blomster, 
kjøre eg i gang med ein ny Give Away!

(eller "Gje vekk" som Marihøno kallar det)

Premien er ei mellomstor skål frå den nydelege serien Alv frå
Wik og Walsøe.

Reglane er som vanleg:
1. lodd for å kommentere under dette innlegget.
1. lodd for å like Fredheim Blomster på facebook 
ved å klikke her
1. lodd for å følge bloggen min eller dele på facebook
1. lodd for å skrive om give awayen på bloggen sin, eller
ha link på sida.

Altså kan ein få totalt 4 lodd, og ein må ikkje ha blogg 
for å delta.
Husk å skriv kor mange lodd du tar ;-)
(og husk å skriv epostadressa i kommentarfeltet viss ikkje du har blogg/googlekonto)

Trekning vert 1. november 2012





Blomabutikken


I november skal eg byrje å jobbe her,
Fredheim Blomster i Rosendal.
Iallefall litt.
Men og i gartneri og hagesenter. 
Eg gler meg.


I dag har eg vore og testa ut nokon av planane eg og 
kollegaen min har tenkt ut.


Ved bruk av Wik og Walsøe, som butikken har eit rikt utvalg av, 
har vi dekka til ein betre middag!


Ein kan godt vere litt utradisjonell når ein dekker bordet,
kven har sagt at ei mugge ikkje kan brukast til ein vase for eksempel.


I dag har mottoet vore:
"Less is more"

for å få fram mest mogeleg.


Sånn ser det ut i dag,
kven veit korleis det ser ut i morgon?

Håpet er at kundane skal bli inspirert,
og kanskje kjøpe med seg noko nytt på
handleturen!

Eg gler meg til å ha deg som kunde!
Lik gjerne Fredheim Blomster på Facebook.

mandag 1. oktober 2012

Bjørkestubbe


Heilt normalt å dra ein stubbe inn i stovo...
Eg skjønne godt at mamma og pappa himla med
augo fyrste gong eg sa da.


Men stubben er kommen inn. 

Då dei skulle saga ned skogen nedforbi huset vårt, fekk eg 
han med motorsaga til å sage av ein passeleg stubbe.
Den har lege til tørk sidan mars.
Og no håpar eg alle småkrypo er vekke...
sikkert....

Må "benka" den til litt på toppen, og kanskje lakka, 
eller mala den.

Har du tips til kva eg bør gjere?

søndag 30. september 2012

Mano-love


Litt nytt blei da i går. 
Blandt anna desse lysastakane frå Riviera Maison.
Diggar trenden med garn/hyssing/tråd imitasjon.


Denne vart ikkje med heim. 
Den vart kjøpt på ferie i Danmark,
men ikkje teken i bruk før i dag.


Mano frå Kâhler.


Litt stearinlys på bordet i dag,
sidan det er haust.
No skal vi ut og lufta oss litt,
finne ei grein til den nye vinballongen min,
litt lyng til vasen,
eller kanskje eit bjørnebær.

God søndag til deg!