torsdag 15. juli 2010

Ferietid

Med bilder av desserten vi skal ha i dag, vil eg ynskja alle lesarane mine ein fin ferie! Vi reiser i morgon tidleg, til det blide sørlandet!! 


Og ferien vert avslutta med Kaptein Sabeltann i år og, til heile familien sin store glede! I år blir det vel ein tur innom det nye badelandet og. Men fyrst skal vi kosa oss på ei hytte ved Lyngdal i ei veke.

Og i kveld har eg fått med meg ein flott gjeng, som skal hjelpe meg og vaske ut huset. Tusen takk, jenter! Så då kan vi ta ferie, med veldig god samvittighet!

God ferietid alle saman!

tirsdag 13. juli 2010

Vintips

I kveld vil eg anbefala "bilde vinen" som leskedrikk i "sommarvarmen". Eg skal ta til på enda ei pappeske eller boss-sekk, og trenge styrka meg på noko, "ler".

Vi har flytta!!

Då var vi på plass i Håvardhaugveien 22!!



Vi har holdt på å flytta i ei veke no. Og oppi alt har mannen vore på jobb frå onsdag morgon, til søndag kveld! Så det var godt med god hjelp av familie og vener.

Før eg flytta bestilte eg nye dukar frå Stoff og stil. Rosa og turkis ( måtte jo ha duk som matcha Keep calm-plakatane mine... he he). Og no er det den rosa som er på bordet. 



I dag har eg baka bollar. For prinsen og prinsessa skal ha innflytningsfest i dag! Då kjeme to nabo-gutar på besøk. Nabojentene skulle i bursdag, så dei kunne ikkje. 



I går då eg og snuppo mi var oppom ein tur til bestemor ( mammo mi) og viste henne dei nye dukane. Meinte ho bestemt at eg då trong desse rosa Bruka skålene! Ja, gjett om eg gjorde da!!! Tusen takk, kjære mamma!!

No skal eg henta ei ny eske, og pakke ut litt meir. Ka ska eg med alt eg har i eskene egentli??? Det kjeme kanskje litt for salg eller som eg gjer vekk, her på bloggen. Men det tar vi etterkvart!! Ha ein strålande dag alle saman!