onsdag 7. januar 2015

Nyttårsfest

Nyttårsafta


Plutselig dukka nordsjømannen opp,
ei veke før tida.
Så då vart det stor nyttårsfest her i huset.



Vi var 4 store og 5 små til bords,
kalkun med alt det tilbehør du kan drøyme om.
Dronning Maud pudding og is til dessert.
mmmmmmmmmmmmmm



Her ser du mi julepynta stova,
og det perfekte juletreet mitt frå Perfect Home.
I love it.


Eg synst det er tøft å pynte med godis på festbord og.
Kunne jo ikkje ha passa betre at eg hadde 
facermint med sølvpapir,
som matcha resten av bordpynten.
I tillegg til lakris.


Så var festen over for i år.
Nytt år og nye muligheter for oss alle.

Grip dagen

Ikkje utset til i morgon,
det du kan gjere i dag,
for du veit aldri kva morgondagen bringer.

Godt nytt år alle saman.



tirsdag 6. januar 2015

Jula er over, men her her jula vår

Jula er over, 
og nytt år har vi byrja på.

Fleire ganger skulle eg setje meg ned å blogge,
og så forsvann tida.

Men her kjem iallefall litt frå jula vår i år.


Finaste pepperkakehusa.

Her i huset er det pappen som har hatt ansvar for 
pepperkakehusa i alle år.

Etter ein del ferdigkjøpte, baka han i år sine eigne.

Ungane var storfornøyde.



I år var det året når pappen skulle 
vere i nordsjøen både jul og nyttår.

"Julafta" feira vi difor den 20.desember.


For dei som kjenner familien min godt, 
veit at dette er eit sjeldan augenblink.

Og nettopp difor er den gull verdt.


Her er vi.

Må bli julekortet til neste år dette!!

Håper alle har hatt ei god jul.

Kjem eit lite nyttårsinnlegg og,
før vi er klare for det nye året og 2015.