torsdag 31. desember 2009

Når året ebbar ut...

og vi er klare for nyttårsfest, er det lett å tenke litt øve året som har gått. Kva har skjedd dette året egentli? Jo, eg begynte iallefall å blogge 1. juledag i 2008, men kom ikkje skikkeli igang før i 2009. Då starta det som ein bryllaupsblogg, for å halde vener og familie oppdatert om kva som skjedde i planlegginga av bryllaupet! Og i tida fram til juni skjedde mykje. Eg fekk heldigvis god hjelp både til planlegginga og til blogging, og eg vart bitt av "blogge-bassillen". Så etterkvart vart eg meir og meir oppteken av interiør og anna. Og då vi til bryllaupet fekk nytt kamera, vart det og lettare å både ta bilder, og legge inn på bloggen.

For den 20. juni vart eg endeleg gift! Og det med mannen i mitt liv. Den lukkelegaste dagen i mitt liv!

Og i august byrja eg å jobbe igjen, etter 1,5 år i permisjon med prinsesso mi! Og då starta dei travle dagane, med nordsjøarbeidande mann og to små i barnehage...men det har no gått på eit vis. Men den der samvittigheten, kem fant egentli opp den?? Dårleg samvittighet for ungane når eg må levera dei kl 7.30 og hente kl 16...og at vi alle er slitne når kvelden kjem. Og for tanken på jobben, når eg må vere heime i ei veke med sjuke barn, og eg veit at det er mennesker eg jobbar med...men sånn er det bare.

Og når eg no nett før jul fekk ei mann på krykker i heimen, måtte eg bare la førjulstresset bare ligga, og ta det som det kom. Og når eg ikkje får til å dra ei på akebrett, når ein vil stå på ski, og den eine etterkvart vil inn, og den andre vil ake meir....og eg bare har to hender og ikkje er blekksprut (som hadde vore veldi praktisk av og til!) så må eg bare tenka at "alle ska få..." ein gong...

Så må eg bare nyta synet av prinsen min, klar for rakettoppskyting ( eller rakettspruting som det er no for tida...)
og gleden hans for dei små ting, som eit stjerneskudd.
Prinsesso syns da vart litt "skumle", og gjekk inn.

Men no når året ebbar ut, vil eg takka dåke alle for at de føl bloggen min. Da set eg veldi pris på. Så legg eg til eit lite bilde av meg som fotograf-prinsen tok no i kveld!

GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!


5 kommentarer:

  1. Flott innlegg Solveig :-)
    Å ikkje minst bildet på slutten!!

    Eg følge med deg vidare, å hb du ikkje miste piffen på bloggingå!! Eg like å følga med!

    Kult bilde av prinsen med stjerneskudd!!

    *Anne Tone*

    SvarSlett
  2. Godt Nytt År til deg :)

    Klem M :)

    SvarSlett
  3. Bloggen din har blitt et "must", på lik linje med den daglige avislesingen.
    Det som er så kjekt med den, er at du er så dønn ærlig og skriver så levende. Her har jeg både ledd og sippet litt når jeg har lest dine innlegg. Stå på Solveig :-D

    SvarSlett
  4. Åhh såå skjønn du e solveig:) Så kjekt å lesa og jammen meg så ekta, herlige deg:)

    Smask

    Krølle:)

    SvarSlett