fredag 12. juli 2013

Ferietid


Kvite ranunklar i svart og kvit stripete Omaggio = PERFEKT


No er det ferietid her i huset.
I morgon lukkar eg kofferten og vi set fyrst kursen mot Bergen og Flesland.
Søndag kl 06.00 lettar flyet som tek oss med til sol og varme.


Solkrem med faktor 50 er med,
sommarkjolen og sandalane og.
Vi gler oss veldig.

Tvilar på at bloggen vert oppdatert, men følg med gjerne på
Instagram, den vil garantert bli oppdatert dagleg.

Søk meg opp på 

@ KVARDAGSGLEDER



God sommar og ferie til dåke alle.

Eg kjem sterkt tilbake!

Sommarklem frå meg

tirsdag 9. juli 2013

Dyriske Mugtail


Mugtail sine koppar/skåler er den nye favoritten her i huset.
Så reine,
klare,
enkle,
verkelege.


Til bursdagen fekk eg 7 ulike av desse Mugtail-ane.
Eg likar kvar og ein.

Rådyret


Reven


Pinnsvinet
Katten
Ekornet

Eg har fleire, som eg sikkert kjem til å vise ein anna gong.
Bjørnen, haren, elgen.

Kan bruke dei til kopp, skål, blomepotter,
ja, kva eg helst har lyst til.

Bambusbestikket frå rema står i dei no.
Det er bare brukandes til pynt, og fint er det.

Velkommen til ny følgar, så kjekt.
Håpar du vil like deg her hos meg.

Fin tysdag til alle saman.

mandag 8. juli 2013

Sommer på jorda



Dette er det nærmaste vi kjem "Sommer på jorda".

Heime, på altanen.
Sol frå skyfri himmel.
Ikkje den høgaste temperaturen ein skulle ynskje, men betre enn alternativet.

Eg har dilla litt på altanen, 
korleis eg vil ha det.
Tenkte eg kunne hive meg med på NIB (Norske Interiørblogger)
si utfordring denne gangen og.
Forventningane om å få galleriplass,
eller finaleplass,
er pikyrande små,
men kjekt å vere med likevel.
Eg VEIT at det ikkje er sånne oversiktsbilder dei er ute etter,
eg VEIT at dei er ute etter det litt "spesielle",
men eg synst dette er fint, og blir med med dette!



Kald drikke med IceBag tilgjengeleg,
Norske jordbær med den gode solmodne smaken,
mens vi ventar på at dei i jordbæramplane skal bli modne.

Sommarhit på radioen,
som eg kjøpte på Loppis hos MyDream!

(ja, den er lik på Baronivegen sin!)


Kulaste potte frå Elho.

No sit eg og mannen i kvar vår stol,
med pledd,
terassevarmar,
litt godt i glaset,
og nyter at vi har ferie.

I måro er det meldt regn,
så vi må pakke inn alle puter og pledd.
Kjedli at det er sånn...

Men vi kan ikkje gjere noko anna med det enn å snakke om det,
ja været....

søndag 7. juli 2013

Sommarfesten


Sommarfest = 
rosa sjampanje
i stettaglas
Fine sommarkjolar
Blide jenter
Dansemusikk frå Sonosen

og ikkje minst sol !!

Den der "dalatrekken" kunne vi klart oss utan....




Altanen var pynta til fest.


Nytt solsegl frå Biltema gav litt lunhet i sofagruppa,
og så gjer da sånn sydenstemning.


Putekassane fekk duga som buffetbord,
med råsa voksduk på.
Som vanleg gløymte eg å ta bilde etter at all maten var på;
Reker med masse godt tilbehør!!


Fyrste festdeltakar i strålande humør, 
med bobler i glaset, sommarkjolen på
og neglene snart nylakka.

Dette var bildet eg har fått lov å bruke,
det er MANGE bilder på kamera, som eg ikkje er heilt sikker på om egnar seg her.

Men gu kor mykje løye vi kan ha da i lag.

Mann og barn er på telttur,
og blei rett og slett ei natt til.
Eg er aleine heime!

No skal eg hive meg på sykkelen og trimme litt!

Goood søndag vidare til alle.