lørdag 13. august 2011

Siste nytt


er at mannen har byrja snikre på garasjen. 3 veggar er klare. I måro treng han litt hjelp med å setje dei opp, og mine musklar var visst ikkje nok...


Alle vindauger er på plass. Dette er på kjøkkenet, ved spisebordet. 3 meter høgt! Lykke.

fredag 12. august 2011

Knivblokk


Sidan vi har bestemt oss for ikkje å skru ei einaste skrua i veggen, kunne vi heller ikkje skru opp magnetlista for knivane våre. Og sidan eg er godt opplært av kokke-kusine, veit eg at eg ikkje skal la dei ligge i skuffa.


Eg måtte difor innom favoritt-tilbods-damo på Husnes i dag og benytta meg av tilbudet på Eva Solo Knivblokk.




Eg har egentleg fått meir sansen for dette merket no, etter fleire skuffelsar på Rosendahl skåler og glas. Synd for meg at eg gav vekk karaffelen min då... men ho blei gla ho som fekk den iallefall.

I kveld har vi ete thaimat igjen. No er eg stapp mett og ganske trøytt!

God natt!

torsdag 11. august 2011

Kokosbolle


Dette er vel noko av det beste eg kan få. Og det veit han eg er gift med. Han kjøper den på 7/11 når han kjem frå jobb, og fraktar dei forsiktig med seg heim. 


Etter at den er fortært, er eg på grensa til kvalm. mmmmm eg gler meg til desember når det er tid for å lage kokosbollar!

Eg har teke fram rockeringen igjen. Etter ein slapp sommar, kjenner eg at det er på tide. Eg har teke joggeskono fatt igjen og, og har bestemt meg for at i vinter blir da tarzanfabrikken på meg. Eg kan ikkje gå og venta på at snø og is skal forsvinna, slik at eg kan gå på tur igjen.

Vektklubb har tjent nokre ekstra kroner på meg...igjen...men eg havne tilbake på syttitre, uansett korleis eg snur og vender på kokosbollane. Så då får vi bare prøva å halde det ved like!

No skinne kveldsolo på bygdo. Eg hadde sjølvsagt planlagt ein lang dag på jobb i dag, så sola vart nytta i lunsjen og i bursdagsfest på Lyngstrando. Takk for deilige kaker til sauabonden på Ramsgrø.

Ha ein fin kveld alle lesarar!

søndag 7. august 2011

Sinkhus og lyng


Sinkhus og lyng er vel litt haustlegt eigentleg. Men sånn ser det ut ute og. 

Vi var på familietur i dag, grilla pølser på bål og "gallkosa" oss. Det bøtta ner, omtrent heila tio. og då vi kom heim var det rett på sofaen med pledd og film. Det er jo sånt vi gjer om hausten det! Nei, eg skal ikkje svartmala da heilt, men eg er glad eg hadde den ferien eg hadde i år. Håpar bare eg får bruka dei nye flipp floppane mine litt meir enn bare inne, resten av august!

Ha ei fantastisk veka alle saman. Trur eg må planlegga ein give away snart....eller?