Kvardagsgleder

onsdag 30. mai 2012

Vi "chiller`n"


Far i huset er veldig glad i sterk mat, og vil gjerne bruke chilli i det meste.
Eg er ikkje like glad i det, så maten vert ofte todelt.
Junior har sådd chilli planter til pappen sin.
Dvs at det er mammo som må ta seg av dei...


Då eg viste han dei fire plantene, spurte han kor eg hadde fått dei frå?
Eg svara at det var dei han sådde, men han trudde nesten ikkje på meg.
Ja, ja, sånn er det vel bare. 
Hugsar så godt den sommaren eg skulle få ein del av åkeren til å så det eg ville...
Trur det var siste sommaren eg fekk det.
Eg sådde jo det eg ville.... bare så synd eg gløymte dei ut etter det....

mandag 28. mai 2012

Vår eller sommar?


I går var det definitivt sommar, men i dag e da meir vår?!?

Vi har nytt dagane på stranda
på musikkfestival
vi har grilla
ete is
svetta
fått "bus"
nokon har bada
andre blitt solbrente
men sommar var det iallefall.



I dag e da meir....
Vår
Veldig mykje lavare temperatur i dag. Er jo framleis mai, men eg er glad vi har nytt dagane til fulle når sommaren viste oss litt kva vi har i vente (?).


Tusen takk til mammo for flotte liljekonvall.

3 fridagar er over, jobb i gjen i morgon.
Men vips så er det fridag igjen på onsdag...
mai er herleg, 
om det er vår eller sommar!

mandag 21. mai 2012

Kuli mahuli


Noko av det kjekkaste ein kan oppleva, er at ei veninne ringer og seier ho har kjøpt noko til meg på Ikea-turen sin.

" Eg måtte bare kjøpa den, den var bare så DEG!"


Kulaste vasen ever.


Corociaen var flytta litt på, for at den skulle komma til sin rett.


Den gule krakken er framleis i stova. Den friskar godt opp i stova, og no har den fått fin fint selskap og.


I dag har eg prøvt kle, for å sjå kva eg eventuelt kan ha på meg på musikkfestivalen på lørdag.
Det er meldt sol og varmt!!
Forsåvidt veldi bra.
Bare da at eg visst har mest lange bukser og 
svarte kle å gå ut i....
Så kva tar vi på oss då?
Jo, vi prøve den lyseblåbuksa...
du veit, den er som eg brukte like etter eg fekk tullemor......
Krympa i skapet faktisk.
Okay, den nye rosa sommarkjolen då! 
Fin den, men kva skal vi ha til? Ingen sko, ingen jakker, ingenting som passar til...
Krisemelding til min personlege klekonsulent.
Opptatt heile veka......
Vel, vel, det blir vel noko svart, noko svart og rosa lommabok då....

God måndag!


tirsdag 15. mai 2012

Soverom


Når mannen er på jobb, får ungane lov å sova i mamma si seng. 
To netter kvar, så bytte vi. 
Men etter over to veker, kjenner eg det skal bli godt med ei natt aleine før mannen kjeme.
Fordelen med ungane er at dei ikkje snorkar....


Idag har eg difor skifta på senga, vaska og tørka støv, 
og kan la dåke få eit litt glimt av soverommet vårt.



Veggen bak senga er i Jotun "Valmuefrø".
Har den samme på nattborda og, men dei må eg male om att i "oljemaling".


Walk-in-closet

Det er vel forsåvidt bare mitt, eller??


Synst sjølv eg har utnytta plassen bra, og har enda plass til meir...

I dag er eg og tullemor heime. Har baka bollar og hatt besøk av gamlenaboane! Greitt å gjera noko positivt ut av da!



mandag 14. mai 2012

Litt sol og litt regn


Nett som livet er, det bringer oss litt sol og litt regn.

Da blese kraftig, sku nesten tru da va haust og ikkje vår.


Og så plutselig så er himmelen knall blå!!
Men det varte bare i sånn ca 1 minutt, for no e da grått igjen!

Eg har ei lita tillemor som er litt pjusk i kveld. Sånt likar ikkje mammo.

Dagane fyke, som vanleg. Eller det er ikkje heilt sant. For helga varte jo i ein evighet. Er av og til sånn, når vi ikkje har noko planar, pappen er på jobb, "alle" andre har masse planar og fylle helgene med flotte aktivitetar....

To dagar til mannen kjeme heim. Vi gler oss.

onsdag 9. mai 2012

Corocia eg og


Måte jo bare kjøpe denne flotte blomen.
Hos Fredheim Blomster i Rosendal, sjølvsagt.
Eg er arveleg belasta når det gjeld blomar....men det vil ikkje sei at eg har "grøne fingrar", men eg er veldig glad i blomar, i å få blomar og i å gje vekk blomar!!


Råsa kjem eg heller ikkje unna. Den friskar sånn opp.


Fridag i dag.
Har vore ein tur til Aterstad, og snart kjem flotte jenter på lunsj.


På laurdag laga eg Amerikanske Pannekaker. Dei gjekk ned på høgkant kan du sei.


Litt annleis å lage pannekaker ved å blande i stivpiska eggekvite...Men nammis kor god det var!

Prøv du og!

Ha ein super onsdag!

lørdag 5. mai 2012

Oppfordring


Med bildet eg har "lånt" frå bloggen til Rosendal Turisthotell, vil eg oppfordre alle som kan og har inspirasjon til det:

Delta på NIB sin utfordring denne månaden:
" Nytt møter gamalt"

Fantastiske premiar venter på 3 heldige vinnarar!

Hiv deg med på den....vinne du, kjeme du til å få ei oppleving for livet!

Klikk her for å sjå dei flotte premiane.