lørdag 19. juni 2010

Blåtur

I går var vi på blåtur med jobben! Det var oppmøte rett etter arbeidstid, og vi vart delt inn i lag. Vi fekk ei oppgåve der løysinga vart Halsnøy Kloster. Der fekk vi omvisning og eit lett måltid!

Utruleg flott der ute. Eg har ikkje vore inne på kloster området før, berre køyrt forbi. Og så var vi innom utstillinga som for tida er der, med bilder av lokal kunstnar, Eirik Eriksen og keramikk av favoritten min, Sara Reed. Utruleg mykje fint!!!

Til slutt havna vi på Borgundøy/Fjellberg, der vi vart servert skalldyrmat på detta maritime bordet med masse plastblomar og lys!! Greitt å komme til dekka bord, som vi nok hadde det mykje løye med!! God service og kjekke historiar....( sjølv om nåken hadde vi høyrt før, og andre vart gjentekne 5 gonger. Og du, eg skjønar at du synst det vart ubehageleg at barnevernet kom på tur, når du hadde bodnabodno med deg i arbeid til langt på kveld, men slapp av; ingen bekymringsmelding av den grunn!!!)




Tullemor er no på kviling, og det skal jammen meg eg og. Gutane er på indianarleir til i morgon, skal sove i telt og greier. Så vi jentene skal styre oss sjølve!! Ha ein fin lørdag!