lørdag 11. januar 2014

Etterlengta


Etterlengta - oh yes

Ønska - JA, eit heilt år

Påverka av andre? - Veldig

Eg har kjøpt meg Kubus4 frå nettbutikken RomtilRom.

Kom i posten i går,
og så akkuratt den dagen eg sykla på jobb...
Typisk.
Så eg sykla heim med den, 
i ein pose frå Rimi... he he he


Eg oppdaga kubus før jula 2012.
Plutselig såg eg den overalt, på alle bloggar etc.
Eg falt pladask, og byrja drøyme om den.
Bestemte meg for å ynskje meg den til jul 2013,
og viss ikkje eg fekk den, ja, då ville eg kjøpe meg den sjølv! 


Nikkel,
perfekt på betongbordet mitt som har omlag samme 
farge på ramma.
samme farge som på lysastakane i vindauga og.

Love it!



Ny skål og nye blomar og,
primular er jo vårblomen nr 1.
Skål frå Perfect Home.

Ellers held ting seg nokolunde stabilt.

Ikkje ommøblerer eg noko særleg,
ikkje skiftar eg ut på møblar så ofte,
men ja, eg flyttar litt rundt på det eg har av ting og tang.

Til hausten skal eg til New York....oh yes The big Apple!!
difor er eg på sparebluss no ei stund, 
for eg reknar med det er litt kjekkare å handla seg noko fint der!!