fredag 6. april 2012

Den lengste dagen


Langfredag skal vere den lengste dagen i året, iallefall i namnet.
Vi har nytta dagen på tur i dag. Kaldt, men likevel så flott med sol.
Alle 4 har raude kinn og er godt trøytte i dag.


Calla  liljer er ein av dei flottaste blomane eg veit. Den er enkel, stilrein og vakker.
Passar godt inn i interiøret. 

5 for 105kr på Fredheim Blomster i Rosendal på onsdag.
Dei har sikker fleir igjen i morgon!


I måro fyke eg og ho som elskar hjerter...

til Ølen Møbler.

Pengane er på kortet og her skal det shoppast....håpe eg iallefall.
m

torsdag 5. april 2012

Hell og lykke


Ein kan sei kva ein vil om å delta i give aways eller andre konkurranser på facebook og liknande, 
men eg e med på mange slike.
Og tru meg, plutseleg så er hellet der og eg vinner.
I følge nokre gode veninner, så vinn eg visst ganske ofte....men dei skulle bare visst kor mykje eg deltar på. *ler for meg sjølv*

Så på mandag fekk eg ein sms frå gamlenaboen som gratulerte meg med å vinne Biotherm gavesett frå Parfymelle Husnes.  (alt eg trengte gjere var å "like" og "dele" på facebook, og vips....)


Guro på Parfymelle forklarte kva det var eg vant, så kremmane er testa ut. Det du ser fremst her, er eit serum som skal på, under nattkremen. 

Førebels er eg svært nøgd, huden har fått "gløden tilbake". Stor sjangse for at dette serumet havnar i handlekorga på taxfree èn om 14 dagar!!



onsdag 4. april 2012

Påskemåltidet


Vi dillar og dallar, kokar og pyntar. 
Vi har invitert gode hjelparar til middag i kveld.
Lammalår på menyen, med fløtegratinerte poteter, sesongens grønsaker og saus. 


Vinen vart anbefala på Vinmonopolet, så då stolar eg på Kari!

Til dessert vert det servert sjokoladefondant med is og jordbær.

Nam nam alltså. Eg gler meg!