fredag 24. mai 2013

Og vinnaren er...





Ikkje veit eg kven den heldige vinnaren er, fordi kommentaren som vann på lodd nr 142, skriv:


trur eg kom opp med 4 lodd. Flinke du er Solveig!
SvarSlett

Så no håpar eg at vinnaren tek kontakt, og skriv under kven den er!!

Eventuelt sender meg ein epost på solveig.hus@gmail.com

Eg brukte Random.org til å føreta trekninga!

Siste frist på give away

Husk trekning på give Away i dag!!!

Klikk her for å komme til innlegget.

mandag 20. mai 2013

Hvit lilje


Eg er så fornøyd med dei nye tallerkane mine,
"pasta-tallerken" i serien hvit lilje hos Perfect Home.

Dersom du har party no desse vekene i mai,
tilogmed 2. juni,
er du med i trekning av 3 komplett servise til 8 personar.
Gjestene kan og vinne!!
Les meir her


Serviettane frå Bloomingville seier alt.
No om dagane føler eg at eg et alt eg kjem over,
Gler meg til mannen kjem heim på fredag,
då skal det bli fjellturar att. Kroppen treng det så inderleg.

Denne helga har det vore knallvær, sol og sommar i to heile dagar!
Eg har tilogmed bada i sjøen! 
Det var knapt 12 grader, friskt og godt, men av alt 
så fristar det faktisk til gjentaking.

Men var dette alt?
Vi får no verkeleg håpe vi får meir av dette.


Huset kjennes no nyvaska ut,
fordi eg har tatt nokre dråpar av denne i ei skål med vatn.

Fantastisk lukt, og ja, det kjennes nyvaska ut!!!

I morgon er det tysdag, kort veka, alltid godt det.

I morgon skal eg gjere noko eg ikkje har gjort på 10 år....