lørdag 1. september 2012

Vinn Nespresso maskin!


Eg har meldt meg på give away hos Rafensbloggen,
der kan eg vinne ei Nespresso maskin.

Da kan du og, viss du klikke her.

fredag 31. august 2012

To ting ut, to ting inn


Den lokale "finn.no" sida på facebook er genial.
Har du noko du vil selge, ta eit bilde og legg det ut der.
Eg gjorde det med to nisjehyller vi kjøpte til huset, 
men aldri monterte.
Begge vart solgt.

Då kollegaen min i lunsjen ein dag fortalte at ho vurderte å selge ei 
Dolce Gusto maskin ho sjeldan brukte,
ja då meldte eg mi interesse.

I dag tok ho den med på jobb.

Med til historien må eg jo sei at den gang ho kjøpte maskina,
gjekk ho rett og slett amokk på nettbutikken då ho skulle kjøpe inn kaffi ol.

Så i dag fekk dei andre på kontoret og prøve ut ulike kaffisortar.

Trur dei kunne tenke seg at eg lot den stå der ute....

Tok den nok med meg heim, ja.

Så e du sugen på litt cappucino, caffe latte, mocca eller liknande,
så ta gjerne turen på besøk.

To hyller ut, 
ei kaffimaskin og kapselhaldar inn!


mandag 27. august 2012

Test


Pute frå ByNord,
kjøpt på ferie i Danmark.

Fekk ein kommentar på at den hadde eg gløymt å blogga om!! *ler*,
for det er jo sånn det er blitt. Når eg har anskaffa meg noko nytt,
klarar eg ikkje vente med å vise det for dykk.


Men i dag skal eg skriva om noko anna enn puter frå By Nord.

For nokre år sidan, tok eg ein "personleghets-test", ein JTI.
Resultatet vart veldig personleg, og 
den var veldig "meg".

I dag hadde eg god tid på ferja, og las gjennom papira eg fann då eg rydda.
Frysningar nedover ryggen.
Går det verkeleg an?
At eg passar så godt inn,
for det stemmer rimeleg godt.

På slutten står det:
"En liten bønn for Solveig:
Herre gi meg tålmodighet og 
jeg mener med en gang!"

Eg måtte le litt og, og har tilbydd mannen å lesa det.
Trur nok han bare vil sitja og nikka,
for da e sånn kåno hans e!

Hanslingsretta
Praktisk
Menneskeorientert
Organisert