lørdag 28. juli 2012

Knapp


Desse knappe-knottane synst eg er så stilige.
Mine er kjøpt hjå Hødnebø i Haugesund.

Eg har valgt å ha dei på badet.


Dette er den vetle typen, som eg har til å henge hand-handkle på.
( Den var så stor, at eg måtte tørka støv av symaskina og sy nye oppheng til alle handkleda.)


Litt kos på badet.

Så kan eg jo drøyme om å ta meg tid til slik velvære, 
som står i heftet eg fekk i Kamille!!
Joda, eg tar meg tid.
Men nett no er det litt travelt.


Nede på badet har eg to store knappar.
Her heng sommarkjolen!!


Er den brukt for siste gang i sommar, eller kjem varmen igjen?

God laurdag til alle.

torsdag 26. juli 2012

Det spirer!


Plenen vår spirer og gror. 
Den har hatt gode oppvekstvilkår, med mykje regn...
og litt sol innimellom.
Veldig nøgd etter raking, steinplukking, raking, steinplukking osv.

"Urtehagen" min i front.



Mannen har mala hus innimellom bygene.
Grå Skifer er fargen.
Vi er svært nøgd med fargevalet.

Vi vil ikkje at huset skal "lyse opp", men heller "skli litt inn i terrengert", om du skjønar.
Nett no bur vi litt aleine på toppen. 
Men har heldigvis gode naboar like nedanfor!!
Håpe det snart kjem fleire hus her oppe, 
foreløbig nyter vi det litt og!


Palletrappa er her framleis.

Litt lei den no, men eg helde ut, for det kjem til å bli sååå bra når det er ferdig.

Eg e dritalei, faktisk.

søndag 22. juli 2012

Lykke er....


Å ligga på sofaen og drikka kaffi.


......ei skål med nyplukka bringebær frå mamma og pappa sin hage.


..... å gå tur rundt Hattebergsfossen med to småtroll, 
som bare klaga ein gang på dårleg vær eller at dei var slitne.

Og som vart overlukkelege over å få kjøpa is i Baronihagen på vei ned att.


...ei lita hand som kjem og tek bringebær mens mamma tar bilder.

.... å ha eit søskenbarn som har invitert på kaka kl fem.

... å ha ei veka igjen av denne (haust) ferien.

...å leva 

Samstundes skal vi alle tenka på dei etterlatte etter tragediar. 
Både den på Utøya for eit år sidan, men og andre som har mista nokon.
Vi som ikkje har vore direkte berørt er heldige, og vi skal vise andre at vi bryr oss.