lørdag 5. februar 2011

Utfordring


Eg har fått ein award og utfordring hos Malena med bloggen hellohellobaby og den skal eg ta på strak arm:


Ta opp nærmeste bok, slå opp på side 18 og let fram linje 4- hva står det der?
Då her er lite bøker på kjøkkenet mitt, tok eg heller siste utgåve av Magasinet Boligdrøm ( er jo tjukk som ei bok!) og der står:
" ..med oss før de skal kaste noe, de vet at vi liker gamle ting!".

Hva var det siste du så på tv?
"Senkveld med Thomas og Harald" i går...
Bortsett fra datamaskinen- hva hører du nå?
Kjøleskapet som durer, klokka som tikkar og regn/hagl mot ruta.

Når var du sist ute og hva gjorde du da?
Ute på fest: var då vi feira bursdagen til Anita 2. januar. Oj det var lenge sidan...
Ute i frisk luft: då eg og ungane gjekk heim frå basar i Dalheim.

Hva har du på deg nå?
Dongeribukse, lilla langerma bommulstopp med lilla skjorte utanpå, og dei nye svarte strikkasokkane eg vant på basaren. Og truse og BH viss det og skal nemnast..

Hva var den siste filmen du så?
Eg ser lite på film, til mannen sin store fortvilelse. Eg likar å gå på kino, men det vert så alt for sjeldan. Eg hugsar ikkje siste filmen eg såg. 

Skulle du kunne overveie å flytte til utlandet?
Eg er veldig heimekjær, men eit år i utlandet kunne vore kjekt å prøvd. Så svaret er vel ja, eg kunne ha overveid da!


Eg vil gjerne sende denne awarden vidare til dei bloggane eg blir inspirert av og kanskje er oftast inne på. Det er nok og fordi eg kjenner dei som har bloggen, og som eg synst fortener ein award og ei utfordring:
Kalas mystiske hjørne
Rodihob
marihøno
Laila`s glutenfrie hjørne

fredag 4. februar 2011

Kveldskos


 Det er fredag og ei laaaang veke er over. Eg har rett og slett kolapsa på sofaen i dag.

Før eg "landa" laga eg meg litt kveldskos, etter inspirasjon frå min gode kollega, Gunhild!

Ei halv appelsin, litt eple og druer i biter, 2 skeier vaniljekesam og litt All Bran over. Nam alltså, og veldig sunt!

God fredag.

PS: eg har fått ei utfordring frå Malena, som eg skal ta i måro....Takk!!

torsdag 3. februar 2011

Kjærleik


 Er i da sentimentala hjørna, og savne mannen min...han kjeme ikkje heim før på mandag, og har då vore på jobb i 3 veker... Kva er vel betre enn å ta fram bilde frå den store dagen vår?


 Kjærleik er noko av det beste ein kan gje og få...


 Og desse tre personane er har med meg her, er dei eg elsker høgast av alle!

onsdag 2. februar 2011

Vennskap


Eg kjenner meg veldi heldig. Eg kjenner meg veldi heldig, fordi eg har så mange gode vener.


Nokre av venene mine har eg kjent sidan vi leika i sandkassa. Andre vener er eg i slekt med, og har vokse opp med. Eg har vorte kjent med vener etter at eg byrja på skulen, ungdomskule, vidaregåande, folkehøgskule, høgskule og jobb. Venner har eg vorte kjent med via andre vener. Og nokre vener hugsar eg ikkje korleis eg vart kjent med, men dei er nokre av dei eg set mest pris på av alle vennane mine.

Vener betyr svært mykje for meg. Det er mennesker eg kan stole på. Dei tek meg for den eg er. Eg kan snakke med dei om alt, og eg veit at dei aksepterer meg for mine meiningar og valg. Dei støttar meg, både når eg har det bra og når eg har det vondt. Og dei viser at dei er glad i meg. Eg er veldig heldig som har slike vener.


Eg prøver å vise vennane mine at eg set pris på dei og, at dei kan stole på meg og at eg støttar dei! Det kjekkaste eg veit, eg å kunne glede vennane mine. At eg gjer dei ei gåve når dei minst anar det, at eg sender dei ein klem på sms, eller bare viser at eg hugsar på dei i daglege situasjonar.

Men av og til gløymer eg bursdagar eller andre begivenhetar....og då får eg dårleg samvittighet...men eg kan ikkje alltid hugse på alt, sånn er det bare :-D 

Og eg er ikkje flink å ringe dei lange telefonsamtalane lenger...får så vondt i nakken!! ( Tok du an?)


Ikkje tar eg meg tid til å kose med denne vennen min på 8 år lenger....så når vi får besøk er den så kosesjuk, at eg får vondt inni meg! Skal skjerpa meg, Einarpusen!

Når vener hugsar på spesielle ting ved meg, vert eg svært glad. Som at ein kollega hugsar at eg elsker "Nidar favoritter" og plutselig kjem med ein slik i gåve til meg... At svigerinna mi hugsa at eg ønska meg denne skåla frå Riviera Maison, at mannen veit at eg blir kjempeglad når han kjem heim med eit nytt blad til meg!

Og noko av det som eg ALDRI kjem til å gløyma, er utdrikkingslaget mitt. Alt dei visste om meg. Eller alle små deltaljar som eg ikkje tenker på i kvardagen, men som dei hugsa på! Detaljar som gjer meg til meg.

Tusen takk for at eg har så mange flotte vener. Eg set veldig pris på dåke alle!

Middags tips

 Eit middagstips til dåke, mens eg vente på at bolledeigen min skal heve ferdig!

Ta ein pose Bergens fiskesuppe, kok etter anvisning! Mot slutten tek du oppi ein pakke med Suppebollar     (Sånne små fiskebollar!). Eg brukte litt fløyte i, og gulrot i små tynne skiver.

Server med baguettar eller flatbrød til!  Kjempegodt.

søndag 30. januar 2011

Galoppbollar

 Junior kom heim på fredag med ei krøllete oppskrift i lommo....dei hadde baka Galoppbollar på SFO!

Sjølvsagt måtte vi prøva dei i dag. Nam, gode var dei og!

Så då kunne vi servera lunka Galoppbollar til gode vener i Steinparken i dag!

Prøv sjølv