onsdag 26. mai 2010

Snoping på Halsnøy


I går var eg ein tur til Halsnøy med jobben, og sneik meg då til ein liten tur innpå Sæbøvik Gåver og leiker, og Buketten. Du kan sei da sånn at eg finn ALLTID noko kjekt der!

 Denne gangen kjøpte eg ein bursdagspresang til ei veldig kjekk kusine som har bursdag neste helg...og ein bryllaupspresang til ein god kollega som skal sei ja til sin kjære den samme dagen neste helg!

Og til meg sjølv plukka eg med meg denne & -en på SGL butikken. Det vesle fatet i "sølv" og det store på bildet under, kjøpte eg på Buketten, til den nette sum av kr 150 totalt. Kva som står oppå kjem nok til å endre seg i takt med humøret!


I dag har eg hatt fri, med tullemor heime. Men eg har fått gjort litt i heimen likevel. Og då ho skulle kvile, putta eg ho i vogna og gjekk meg ein lang tur. Kan ikkje huska sist eg var på ein sånn trilletur! Men du kjæresten min som snart kjem heim; dekka treng luft!!!

mandag 24. mai 2010

Ny veke i gang!

Meg og roser, kunne overskrifta faktisk vore. For eg har vore innom Stemning i Rosendal ein tur, og sjå kva som tilfeldigvis bare "datt neri posen min"!!!! Dei var utruleg fine.


I dag var 2.pinse dag, og fotball cup i Rosendal. Då eg ikkje hadde med kamera, blir det ingen bilder derifrå. Det var surt og kaldt, men vi hadde det kjekt forda. Junior samarbeida med ein lagkamerat om å scora eit mål, og det var stort. Han har litt problem med å få med seg armar og bein, "kva mål dei skal scora på", kven han er på lag med og sånn, men det er ikkje det viktigaste. Men han kjem til å hugse lenge det at "han var med og scora eit mål". Og det er viktig for motivasjonen vidare!


Eg er forsåvidt klar til å begynne å pakke ned huset vårt, eg. Er klar for flytting. Og alt er planlagt oppi hovudet....men då eg opna eit skap på kjøkkenet, fann eg ein bunke med bilder som skulle i album. Så eg gjorde da i dag istadenfor. Måtte gjerast da og. Så no er eg ajour fram til og med sydenturen i november 2009. Ikkje verst bare det!

Ha ei fin veke alle saman.

søndag 23. mai 2010

Kvalitetstid

I dag har eg og denne vesle luringen hatt kvalitetstid ilag!

Ho våkna kl 05.50. og ropte : " mamma, eg e våken!" Og " lalla mamma si seng..." Men mammo var ikkje lika våken sjølvsagt! Men ho fekk komma, låg som ein makk til ho proklamerte at ho gjekk for å sjå tv! og denna mammo har vore ute ein morning før, så tv-en stod på NNRK Super!!!!! og resten fixa ho sjølv. Storebror var på overnatting på "landet" hos ein kompis.


Kl 9.30 var vi påkledd og hadde pakka sekken for tur. Før vi skulle gå sjekka ho om vi hadde med bollar eller muffins. Nei, men eg har med frukt og kjeks, sa eg. "Okey", sa ho då!

Vi hadde ein knall tur, gjekk i nabolaget, litt måtte eg bere ho, men ho gjekk mykje sjølv. Og så enda vi på besøk hos mi veninne og hennas veninne, der vi alltid kosar oss!



Takk skjønna sabeltann-jento mi, for ein fin dag saman med deg!