Jentetur til Bergen.
Tapas på Escalon.
Mojito på Friday`s.
Hotellfrukost.
Shopping.
Bolig- og interiørmessa.
Latter og glede.
I lang tid har eg gleda meg til å reise til Bergen for tredje gang,
og gå på Bolig- og interiørmessa i Grieghallen.
Messa er stor, som ein stor snopebutikk for oss interiørinteresserte.
Og der var mange butikkar.
Kvifor vart eg likevel litt skuffa?
Fleire av butikkane eg hadde tenkt å besøke, mangla.
Lite lampar, tepper, stolar,
ja, litt sånn anna enn Kâhler og Bloomingville.
Litt mykje golv og maling denne gangen.
Den delen av messa som er som eit stort blogg-treff,
trur eg er årets happening for bloggarane.
Eg såg mange av bloggarane eg følger både på blogg og Instagram.
Det såg ut som dei kosa seg veldig.
Eg deltok ikkje på dette, og angrar ikkje på det.
Vi var 4 gode veninner som var på jentetur,
og ALT som ein jentetur er,
var inkludert.
Alle forventningar vart innfridde.
Tusen takk for turen, jenter,
eg har kosa meg masse.
Julepyntinga mi kjem til å ha tre som tema i år.
Tre i alle fasongar.
Er klar!!
Dette treet kjøpte eg på messa i Grieghallen.
Butikken heitte Florentes Paradis.
Godt å vere heime igjen og.
Søndagsfrukost med familien og kaffi i sofaen.
Den beste og finaste sofaen sjølvsagt.
Fin fin søndag til deg.