lørdag 13. november 2010

Stemning

 Walters sinkhus er brukt omtrent dagleg no denne tida. Eg ser at posen med t-lys minkar dramatisk!! Men det er vel meininga og. Bildet vart litt dårleg, men det er stemninga som er viktig!
 Kva kallast desse? Eg ser dei overalt for tida. Denne er laga sjølv: eit stykke stoff, ein tom dorull, litt blonder og perletråd til å feste på endane. Veldig dekorativt spør du meg.
I kveld har eg og ei veninne hatt byttedag....ho tok med seg tullemor på overnatting, og eg fekk hennas eldste. Han og min er kompisar, og no går det i lego og DS om kvarandre.

Eg har vore på loppemarked i dag. Eg fann ei hylle og nokre bøker. Og så fann eg ei bladkorg til veninna mi. Den var veldig fin faktisk. Trur den kjem til nytte der den skal vere. Eg såg og at dei har skrudd prisane litt opp på loppisen her og. Dei har nok skjønt at det er in og gå på loppis. Og det var sikkert 200 stk utanfor døra kvart på åpning. Mykje greier der inne, og sikkert mange som har gjort nokre gode kjøp!

fredag 12. november 2010

Ønskeliste

Eg vil legge inn ting eg ynskjer meg til jul, her på bloggen. Så kan dei som vil kjøpe meg ei gåve, av dei som les bloggen, få litt tips her. Det må vel seiast at i år har eg ikkje behov for så mykje ting og tang til huset. Då vi skal bygge nytt, og eg har bestemt at eg skal ha mindre ting.....og eg har ikkje behov for fleire skåler no.

Men denne vert ført opp her. Den er frå Riviera Maison. Kostar kr 299. Det er den einaste "skåla" eg ynskjer meg.

 Abonnemen på Bolig Pluss.

Bo Bedre Eller eit gave abonnement på Bo Bedre?

- Ting eg kan ha på meg som øyredobber, smykker, dill og dall er ALLTID kjekt å få. Skjerf, toppar, gavekort på kle eller sko. Åh ja!!

- Weekendbag. Ein bag/veske med plass til det eg treng for 1-2 overnattingar eller som handbaggasje på fly!

-Pysjbukse

- Hanskar, vottar etc.

- Slalåmski

- Green Gate koppar og kar

- God sjokolade

- God vin

- Mannen seier at vi skal ønske oss ting vi kan ete eller drikke i år.

- Men eg synst vi treng nye sengkle og. Høie eller Turiform er favorittane.

Denne lista vert oppdatert etterkvart, og eg legg den ut på sida her sånn at du bare kan klikke på bildet under ØNSKELISTE.

Supert alltså. Har eg sagt at eg elskar pakkar? At jul og bursdag er som himmel for meg? Og når mannen seier at jula er for ungane....men eg då????

torsdag 11. november 2010

Ei husmor sin draum

 Det er bare sånn det er, eg er ei husmor og eg likar det! Men eg ynskjer ikkje bruke tid på ting eg ikkje treng bruke tid til.

Og når ein er ei ekte husmor, så er det og viktig å ha dei rette hjelpemidla for å få dagane til å gå rundt. Difor invisterte eg i Kenwood kjøkkenmaskin i fjor, slik at det ikkje er noko heft og setje ein bolledeig. Eg har tørketrommel, for å lette litt på klevaskinga, og etter at vaskemaskina vår sa stopp i sist veke, måtte eg kjøpe ny!
 Og denne gangen vart det Miele! Den kjem stort sett alltid best ut i test, også denne. Og etter god service frå dei på Elkøp, Husnes !!!!! Så kom vaskemaskina på plass i går. Sjåføren tok den inn, og innstallerte den til og med! Supert!
Og denne gangen fekk eg display og, så eg ser kortid den er ferdig. Oj, ei real lukke!!

tirsdag 9. november 2010

Vinn Ilse Jacobsen jakke



Klikk her  og du kan vere med i trekning av ei Ilse Jacobsen soft shell jakke!!

søndag 7. november 2010

By-impulsar



I helga var eg i Bergen. Etter ein liten runde på diverse interiørbutikkar....(les: Riviera Maison, Holmehuset, Åhlens, og Farmors Hus...) utan å kjøpe anna enn muffinsformer som står god jul på ( ja, for det er ikkje julepynt!!) så tok eg meg ein pause på ein liten cafe som heitte "Eat my muffin". Jammen sa eg muffins. Nam alltså. Oreomuffins!!

Så møtte eg veninna mi, og vi var ein runde til i butikkane. Så då eg synst posane ( og weekendbagen eg fekk låne for anledningen, som eg nesten trur er min no...) var for tunge, gjekk vi på ein "ikkje barnevenleg" ( og då meiner eg at då vi begge småbarnsmødre endeleg var utan barn nokre timar, er det lov å sei at ein vil gå på ein cafe utan for mykje barnevogner, amming og småtassar som spring...) cafe og åt lunsj. "Aroma" heitte den!
 Club Sandwich mmmm
 og vin i glaset!
 Dessert? Sjølvsagt!

Og i gåve frå den gode veninna mi, fekk eg sjokolade! Ho veit kor glad eg er i slik spesiell sjokolade, som berre skal og kan nytast!! nam. I kveld skal eg nyta ein bit, saman med ein god kopp te og beina på bordet....(eller ved symaskina...)

Ei super helg, som vert avslutta saman med favorittane mine.