lørdag 11. mai 2013

Give Away


Endeleg er det klart for ny give away her hos meg.

Denne gangen har eg ei gåve til ein heldig vinnar,
som er sponsa av Tilbords Husnes.

Tilbords sel no dei flotte kvalitetsprodukta frå Cacas, spesialist på bakervare.



Du kan vinne:
1 pakke med 30 jumbo muffinsformer, svart med kvite prikkar
1 boks med rosa dekor farge (icing color)
og
1 boks med rosa dekorperler.

Ein premie dei fleste bakeglade vil juble for!

Vil du vinne dette, kan du gjere fylgjande:


1 lodd for å kommentere under dette innlegget
1 lodd for å like Tilbords Husnes på facebook, klikk her
2 lodd for å vere følgjar av bloggen min
2 lodd for å følgje meg på instagram (*kvardagsgleder*)
2 lodd for å linke til give awayen på bloggen din
(bruk bildet over)

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar,
du kan totalt få 8 lodd.

Trekning vert fredag 24. mai 2013.

Lykke til alle saman!

Ps. Du treng ikkje ha blogg for å delta, skriv bare epost adressa di, 
sånn at eg kan kontakte deg dersom du vinn.
Du kan og kommentere som anonym,
velg bare anonym der det står "kommenter som".

torsdag 9. mai 2013

Våren var her


men forsvann før eg var komme meg heim.
Det var sol og varmt i går, ei stund iallfall.
Deilig.

Men temperaturen har stege oppøve til 15 grader, og det gjer kroppen glad.
Det er grønt på bakkane og ein del tre, så vi kan vel sei at 

Våren er her.



Noko som no er mitt fyrstevalg for tida, er jordbær og blåbær.

sånn etter Maarud paprika og Freia Melkesjokolade


I skål i serien "hvitlilje" til Perfect Home.


Dekorativ, praktisk og veldig fiiin!

Eg hadde party for nokre veker sidan, og sjølvsagt vart det handla litt.
Favorittane er komne på plass! 
For dei som følger meg på instagram, har sett dei allerede.
Dei kjem snart på bloggen og!

Ha ein fin fin dag alle flotte lesarar.





søndag 5. mai 2013

"Hade på bade"


På badet nede har vi dobbel vask,
og ikkje noko benk-plass ved sida av.
Det er ganske så smalt.

På Ølen Møbler fann eg,
(eller det vil sei; mannen fann)




tøff og smal såpedispenser
og tannkosthaldar.


Likar godt lilla og valgte difor lilla såpe.

Ilag med lilla detaljar vart det kjempe lekkert.


Og så: tannpuss-timeglass.
Genialt for å få dei små til å pusse lenger,
for jammen er dei kjapt ferdige av og til.
Vi passar på at det vert gjort skikkeleg,
men denne var lur likevel.

Ein kveld tullemor pussa og pussa, sa ho til slutt;
"nei, no gidde eg ikkje meir!"

Timeglaset tar 3 minutt,
og det er ganske lenge,
bare prøv du og.

Forresten så er eg på plass på Instagram, eg og.
Følg meg gjerne på 
"kvardagsgleder"