lørdag 30. oktober 2010

Så god som ny

 Då eg var 15 år, fekk eg ein 5-arma messing lysestake til jul. Og eg var sååååå nøgd. Så heima på jenterommet vart da kveikt ljos mang ein kveld. Og så vart den gløymt.

Heilt til eg har fulgt med Marny Alice, med den inspirerande og flotte bloggen Kalas Mystiske Hjørne, og hennas fornying av messing.
 Så då var det å leite staken fram att, og spraymale den. Eg hadde ein boks med sølvspray, og sette i gang. Eg er målaus.
 Eg er verkeleg inni ein "sølv-periode" no. Raudt og sølv er mine julefargar. Det har det vore dei siste åra, og eg trur ikkje det vert mindre i år.
Men etter at eg tok eit raskt overblikk på dei 6 kassane eg har med julepynt, kunne eg ta mannen i handa og love han at eg ikkje skulle kjøpe noko ny julepynt i år. Og det skal eg halde.
Men ingen har sagt at eg ikkje kan lage julepynt......følg med i morgon. "Då kjem siste nytt frå syrommet!"

Så medan de nyt synet av min "nye" lysestake, seier eg god laurdagskveld. Eg kryssar fingrane for at vi ikkje må opp i 5-6 tida i morgon.

HUSK Å STILLE KLOKKA EIN TIME TILBAKE I NATT!!

fredag 29. oktober 2010

Nye glas

REKO Glass  Høyde: 9 cm Volum: 17 cl Antall i pakken: 6 stk.


Tidlegare har eg skreve her på bloggen om min negative oppleving av Rosendahl glas. Du kan lese om innlegget her.

Og etter at dei glasa vart kvitare og kvitare ( rart ikkje cafe latte glaso er blitt det og!?!), så fann eg ut at eg måtte ha nye.

Og eg har rett og slett fått ei veninne til å kjøpe 3 pakkar med Reko-glas på Ikea. Dei kostar 9 kr pr pakke med 6 glas inni.

Dei er heilt ok å sjå på. Det gjere ingenting om dei vert knust etc. og eg slepp bruke ein formue på nye glas.

( og sidan eg kjøpte meg ny veske i går, så er det på sin plass at eg bare la ut 27 kr på desse....)



torsdag 28. oktober 2010

Ny mobil

Ohhhh, i dag kom den nye mobilen min! Ein Nokia 6700 Slide. Og den var lekker.

Så no får vi håpa at eg klarar å ta betre vare på denne.....at eg ikkje lar den dette ned heile tida...Og at dei eg snakkar med, ikkje klagar på at eg "legg frå meg telefonen og går inn i naborommet.." Eg gjorde jo ikkje det, men for dei høyrtes da sånn ut.

Så no kan de bare ringe!

onsdag 27. oktober 2010

Forskudd på arv

 I går var vi inne hos mine foreldre. Mamma hadde laga vafler, og vi sat og drøste i sofaen. Mamma viste meg noko garn ho hadde funne mykje av, og lurte på om det var noko av det eg kunne bruke. Og det kan eg sjølvsagt! Og så spurte ho "om det var noko meir eg ville ha?"  Eg sa at eg gjerne ville arve dei 3-arma sølv lysestakane som ho alltid bruker på julafta.

Mamma byrja å le. Ho gjekk opp, kom ned att med lysastakane. "E da desse du meinar?", spurte ho. Ja, svara eg, med stjerner i augo. "Sjå her, ta dei!" sa ho. Eg måtte dobbelsjekke om ho meinte det. Og det gjorde ho. Ho lo litt framleis, og kunne fortelje at det var ikkje ekte sølv.

Men for meg har det lite å bety. Nydelege er dei uansett.
 Og før vi skulle gå, kjem det tørt frå pappa: "det må vel vere forskudd på arv det då!" "Ja, det er heilt greitt, svara eg, skriv det av på lista!!!"
Og inn i min heim kom alltså desse flotte stakane i går. Eg hadde bare lys til den eine, men den andre står bak!

Eg kjenner meg rik og lukkeleg.

mandag 25. oktober 2010

Eple dessert

 I går hadde vi denne knallgode epledesserten. Oppskrifta fekk eg av ei god veninne, som serverte den sist vi var hos dei!
Smuldre saman 100 gram smør, 150 gram mjøl og 150 gram sukker. Fyll ei stor paiform el. med skrella og opphakka epler, dryss på litt kanel og sukker etter eige ynskje.

Fordel ein boks vaniljekrem over. Strø på blandingen med mjøl, sukker og smør. Steik midt i ovnen, på 225 grader i 25 min.

Server med is.

NYYYYYYT.

søndag 24. oktober 2010

Tallerkenhylle på do!

 Dette var mannens ide! Etter at eg ikkje har funne nokon plass å ha den, var den på veg på loftet. Der skulle den stå til nyehuset er ferdig. Då skal den på rommet til tullemor. (her vi leiger har eg ikkje lyst å lage hull i veggen.....difor har den ikkje komme opp!)

På badet her, var der hull som passa til hylla. Snakk om flaks! Så no rommer den det einkvar treng når ein er der: Pondus, paragliderblad, Ikea-katalog og interiørblad!
Lurt alltså! Og den som kosta heile 20 kr på loppis for nokre år sidane. Løye kva litt maling kan ordne!!

Oppbevaringskorg

 Denne kan brukast til brødkorg, til å ha "stæsj" i, teiknesaker, eller det du måtte ønske!

Det var det fyrste vi lærte på sykurset. Enkelt å få til, sjølv for meg. Eg ser for meg at dette blir utgangspunktet for ein del julegåver, då dei er supre å putte ting oppi og!
Kanskje du ynskjer deg ein slik??

Her er det søndagsmodus no. Eg skal snart kle meg for ein liten joggetur. Etterpå skal eg lage middag, då vi får gjester i dag!

Og husk å ha pengane klare når innsamlingsaksjonen kjem!!