søndag 25. januar 2015

Ommøblering i stova

Det er noko med det,
er alltid klar for noko nytt.


Stova vår er stor,
men ikkje sånn alt for stor.
Og den er planlagt utfrå møblering,
den gangen vi teikna huset.

Det er difor ikkje dei store sprella vi kan gjere
i høve møblering.
Det var då eg måtte kalle inn mi gode veninne
rett og slett for å få litt nye idear,
og tips.

Vi prøvde ulike variantar.
Den er likte best, endte med at lampen 
hang rett over eine sofaen,
så det fungerte dårleg.
Men må sei meg fornøyd med denne løysinga.


Overskuddsputene
fekk plass i den gamle eplekassen
bak sofaen.
Rart det det med for mange puter....


Acapulco stolen har no fått sin plass 
ved bordet,
og det kan hende den vert litt meir brukt 
no frametter.


Veldi fornøyd med den "nye stova mi.

Ommøblering gjer at eg ser tinga mine
med nye auger.

Og takk for hjelpa, Evelyn!!!