mandag 27. desember 2010

Skitur

 I dag har eg og gamle naboen vore på skitur til Myrdal. Vakkert.
 Ei super tur-veninne.
 Minus 19 grader, og flott utsikt til Gygrastol som bada i vintersola.
Det var ikkje temperatur for å stoppe noko særleg opp på denne turen. Vi hadde frost i augenvipper og måtte til tide puste med buff framfor ansiktet.

Ein flott tur, og følelsen etter at eg har teke ein dusj og tøyd ut litt ømme musklar det er ei stund sidan eg har brukt....kan ikkje beskrivast- den må kjennast!

I måro er det jobb, før venne-samling med god mat om kvelden. Gler meg.

søndag 26. desember 2010

Sjå kva eg fekk!!

 Boka "Rosendal gjennom 4 årstider", er ei svært gjennomført bok. For meg er den eit must å ha, frå den vakraste bygdo eg veit om.  Den fekk eg av mamma og pappa, i tillegg til jakke og vottar!!
 Dette smykket vart eg mest glad for av alt. Det fekk eg av gullo mine. Eg leste om det i dette innlegget hos Den gode feen, og gav mannen eit tips.... og då eg skulle åpne pakken på julafta, sa tullemor: " no kan du åpna smykket ditt, mamma!"

 Denne boksen har eg tenkt å ha på badet, med smykker og øyradobbar i, etter tips frå mannen!

Og til slutt eit bilde av alle dei flotte julakorto vi har fått i år. Fekk ikkje plass til alle i opphenget eingong. Nokre vin har vi fått, og fleire supre gåver. Særleg sette eg pris på eit krus med bilde på!!

I dag har vi vore på middag hos mine foreldre. Etterpå var mannen på skitur, og vi var ute og aka, sparka og testa slalåmski! No er vi raude i kinna, og kosar oss med film og puslespel. Vi sullar visst rundt i ullundertøyet enda......

lørdag 25. desember 2010

Spenninga var til å ta og føle på

 i går. Dagen byrja med at begge to våkna i 6.30 tida. Junior kom kjapt på at han måtte ned og sjekke julestrømpa...og den var full! Til stor glede.

Resten av dagen var bare ei stor glede. Pappen i huset kom nemlig heim til grauten kl 12!! Begge ungane var i ekstase. Tenk så kjekt å få pappa heim på sjølvaste julafta.

 Tullemor fekk sykkel med duskar og korg, og hadde gleda av å opne den aller største pakken vi hadde i huset.
 Junior fekk slalåmski, hjelm og briller, i tillegg til 5 store pakkar Lego, skateboard +++
Si
 Familie idyll!! Vi har vore ute i hagen, stått på ski, aka og hatt kakao og kjeks pause!
Resten av dagen har vi ete, sitt på tv og film, vore på nydeleg middag hos mamma og pappa, drukke litt vin og bare kosa oss.

I måro skal de få sjå kva eg fekk til jul! So long!!

fredag 24. desember 2010

God jul til alle

Eg klarte det ganske bra med amaryllisen i år!

Med dette vil eg ynskje alle bloggvener og andre, ei RIKTIG GOD JUL!

Mannen min er på vei heim frå jobb no. Han rekke grauten kl 12! Vi er overlykkelege over at da ordna seg.

torsdag 23. desember 2010

Heimalaga

 Så lenge eg kan hugse, har mamma laga italiensk salat til jul. Den vart aldri servert før 1. juledag til frukost. Og vi trengte nesten ikkje ha noko anna pålegg heller, for det var det vi åt.

Eg har teke denne tradisjonen med meg, og i dag laga eg den før lunsj. Og de skal få oppskrifta mi:
4 store gulrot
1/4 hodekål
1 pakke påleggskinke ( her kan du bruke den du vil, eller la vere)
10-15 skiver sylteagurk, opphakka
2 posar majones ( i dag brukte eg ein lett og ein ekte. Mamma bruker alltid ekte.)

Eg bruker foodprosessoren og får det fin raspa. Så blander eg saman, og vips; jula sitt beste pålegg!

Og det er lov å ta haug på!!!

Og så må eg bare vise bilder av "julesengkleda" mine. Dei kom på i går, så no e da jul :-D

Førjulsgåve

 I går fekk eg denne av svigerinna mi!!
 Eg vart rett og slett hoppande glad!

Vi var hos dei og åt middag. Ungane fekk sjå film etterpå og vi sat og drakk kaffi. Eg sat og såg på hennas skål frå Riviera Maison, og var litt misunneleg!

Ho gjekk ut i gangen, og i da ho kom inn, skulle eg til å sei: " eg lure på om nokon har kjøpt sånn til meg?!" Og før eg fekk sagt dette, kom ho inn med ei eske, som var veldig lik størrelse på ønsket mitt.... Og så sa ho at ho hadde ei førjulsgåve til meg!

Eg bare smilte og smilte, og blei nesten rørt faktisk!
No er den kommen opp, med godis i. Lurer på kor lenge den får stå urørt?!

Det snør ute, og vi skal snart ut og gå på ski. Eg kjeme med nytt innlegg seinare og! Sjåast då!

tirsdag 21. desember 2010

Julestrømpe

 I vår familie har vi ikkje hatt tradisjon med julestrømpe (julesokk var eit ord som blei litt rart...). Men etter at mor var på sykurs, så vert det ei endring på det.

Eg har printa ut bilde av gulla på sånt papir som eg kan stryke på. Og ellers er det ikkje noko hokkus pokus når du har lært av Marihøno
 Linstoff kjøpte eg på Halsnøy ( til ein stiv pris) men eg fekk no det eg leita etter, og det er jo viktigast!
Fòr har eg og sydd i. Det er nesten enklare enn å ikkje ha fòr i...

I dag starta juleferien for meg og junior. Han har fått betennelse på auga, og vi skal til legen no snart.

Ha ein fin 21. desember alle saman!!

søndag 19. desember 2010

Karameller


Her er resultatet...nam....

 3 dl fløyte
250 gram sukker
60 gram smør
100 gram sirup

Ha alle ingrediensane i ei panne, og sett den på ei plate på middels varme. Massen skal koke lenge ( 3 timar ca) til den har fått ein mørkare farge og ei glatt overflate, står det i oppskrifta eg fann i Spar sitt hefte.


 Eg helte det ut over ei langpanne med bakepapir. Avkjølte det litt. Så delte eg den opp med ei pizzarulle i passelege bitar. Eg lot det stå ute øve natta.
 Så tok eg av bitane. Nokre rulla eg saman, og brukte små former, kjøpt på Åhlens.

Nokre bitar pakka eg inn i celufan. men då eg ikkje hadde "rett" celufan, så blei det litt så som så.

Mine karamellar vart mjuke. Difor vart da litt kliss....men smaken vart veldig god, nesten for god.... Så eg lar dei stå i kjøleskåpet, kanskje litt i frysen nett før servering??

No skal vi inn til Rosendal ein tur. Eg skal kjøpe meg eit par krus i Green Gate, som er minus 20 % mellom kl 15-16 på Stemning.

lørdag 18. desember 2010

Julemorgen

I dag starta julemorgen på Nrk. Det har junior gleda seg til. I dag kom han heseblesande ned kl 07,33 og lurte på om da va begynt!! Han hadde rett og slett sove frampå :-D

Men eg og tullemor hadde laga frukost og sett på tv ei stund vi då. Jada, hærleg lørdagsmorgon. ( i kveld må eg vel komma meg i seng litt før...)
Tok desse bildene då det enda var snø ute. No er det bare is og vind....

I dag skal vi på julebesøk til mannen si tante. Mannen er på jobb, så eg og mine to små tar turen. Godt det er kort veg, og eg ikkje trenge køyre bil!

Eg går rundt og dillar i min nye kjole....snart fram med støvsugaren...

torsdag 16. desember 2010

Strikkakuler igjen...

 Mens eg snakka med siddis-kusine ( eg måtte bare...eg ler kvar gong ho der nisse-kusine kjem på tv då i 18 tida.....) på telefonen i dag, og sidan eg er ekspert på multitasking, så hengte eg opp ei grein i stova, med telefonen på skuldera! I den har eg hengt Arne og Carlos kulene mine. No har eg 5!!
 Og dei som har fått med seg at eg ikkje skal kjøpe julepynt i år, så har eg sprukke når da gjelde desse....men mamma har sagt at eg kan bare gje dei vekk, så skal ho strikke nye til meg. Då har eg jo fått dei, og det er noko heilt anna...
Dei er rett og slett råstilige! Andre som ynskjer seg slike??

onsdag 15. desember 2010

Førjulsgåve?

 Eg går i desse dagar og ventar på denne kjolen frå My cinnamon Girl......eg klarte ikkje la vere....og eg gledar meg utruleg til å kose rundt i denne kosekjolen....
Og tullemor skal få denne. Kanskje i ein pakke under treet? Vi får sjå.

søndag 12. desember 2010

Juleverkstad

I dag har vi vore på juleverkstad hos "gamle-naboen" min. Ho er veldig flink å lage til sånne samlingar for alle, både store og små. Det set vi veldig pris på. I vennegjengen min, er det berre eg og min familie som ikkje høyrer til Rosendal-skulekrins. Dei andre både ser kvarandre, og gjer ting saman i form av fritid, skule etc, enn det vi gjer. Eg set derfor veldig pris på samlingane vi har, både med og utan born. Men for meg er det og viktig at borna skal kjenne kvarandre, og leike saman. Dette då vi vaksne har så pass mykje med kvarandre å gjere.

Her lagar dei julekort! (trur det var ei som tok att det forsømte her!!)
Eg har ikkje avklart med alle, om eg kan bruke bilder på bloggen, og tenker at andre skal ikkje pressast til å sei ja, når eg spør. Eg får difor ta valget for mine eigne born.

 Denne var det ei litt større jente som laga. Kjempefin. Do-rull nisse er ikkje det den ein gang var:-)
 Og etter at vi var ferdige med å lage julepynt/julekort, ja så var det frileik. Og kva er vel meir naturleg enn å kle seg ut som indianar? Han gjekk rundt med ei ugg-ugg-øks og sa "ned med buksene!!" Kor tok han det frå??
 Tullemor laga denne litt pukkelrygga kongle-figuren. (vart litt usikker på om den var ein engel eller nisse, eller kva det var...) Og junior laga denne sure engelen. Kvifor han var sur, sa han ingenting om.
 Men eg kunne ikkje la vere og ta med denne nydelege coboyen her. Det er avklart med opphavet.

Kem kan vel sei nei til denne????

Ha ein fin 3. søndag i advent alle saman!

Og til Aina: så kjekt å sjå "spor" frå deg her!!! Det sette eg pris på. har sendt eit julakort te deg!!!

lørdag 11. desember 2010

Favoritt barnekle butikk

 Min favoritt barnekle butikk ligge på Halsnøy, og heitte Little Blå. Den er bare så "deilig", viss da e eit ord eg kan bruka om ein butikk.
 I går var eg innom der ( etter eit møte på øyo) og fann denne Noa Noa kjolen til halv pris. Eg slo te.
 Og då måtte eg ha ein topp inni, og strømpebuksa te. At strømpebukso kosta meir enn kjolen, er nå så som så.
 Håpe tullemor blir fin i denna i julo!!
Bodil BO har laga logoen deira. Stilig!

Dei fører mange fine merker som Mexx, Dundelina, Chill, Cupcake osv. damo som jobba der kunne fortelja at vi på andra sio av tunnelen var veldig flinke å handla der. Da kom te og med fullasta bilar frå Rosendal for å handla på øyo!! Men eg forstår. Det er mange fine butikkar der.