torsdag 10. juli 2014

Ny sofa i tv-stova


Det å "bu seg inn" i eit nytt hus, 
er ein beskrivelse som passar godt hos meg.
Vi har budd i huset vårt i over 2 år,
og framleis skjer det endringar.
Dette i tillegg til at det er faktisk ikkje alt vi har fått på plass heilt enda.


I tv-stova vår har vi no fått ein ny sofa.
Vi er 4 i familien, og den vi hadde der før,
var det berre plass til 3 i.....

Sofaen heitter "Seville" og er kjøpt hos Bolia.
Farge antrasitt, som dei andre vi har i stova.


Passar perfekt inn, som
"hand i hanske".

Fast i stilen, og kanskje litt kort i ryggen,
men når ho som eig den er svært glad i puter
som ho kan fylle den opp med,
er det bare å slenge seg nedpå!


Hay DLM bordet passar inn overalt,
og i påvente av eit Hay Tray bord,
har vi det heilt supert!


Her er tv-stova vår før.

Litt anna stil og ALT for liten plass til heile familien.

No er det ferietid her, det er 27 grader ute, og vi nyter dagane ved sjøen.

Ha ein strålande dag alle saman!