lørdag 27. august 2011

Kjøkken


Kjøkkenet i leiligheten/ tomannsbustaden vi leiger. Heldige oss, som fekk leige ein heilt ny bustad. Det kunne vore så mykje værre...


Eg får prøvt ut ein del ting, i høve kva eg skal velge til nyehuset. Kvitt kjøkken skal eg ha, men det skal vere høyglans. Eg skal ikkje ha heiltre-benkeplata, eg må ha noko som ikkje trenge behandlast. Men det treng ikkje vere ei frå Ikea. Eller finn eg ei eg liker der, ja, då tar eg den. Kjøkkenet vert nok frå Kvik, då eg har lagt min elsk på det der. Ingen handtak, men sånne innfelte.  Det heitter Mano Høyglans. Sjå her  . Eg fekk ikkje kopiere bildet. Håpar det har det i utstillinga på Boligmessa eg skal på i Bergen.







Det er laurdag og tullemor har lege lenge sånn! Men no er det på tide å stå opp, komme i kleno. Vi skal opp og sjå på nyahuset. Bilder kjem seinare!

fredag 26. august 2011

Pikekyss


Det er faktisk helg igjen, og godt er det. Roa ner etter ei hektisk veka. 

Mannen reiste på måndag, og etter det har det gått slag i slag. Det blir lange dagar på dei små, levering kl 7.30 og henting kl 16. Fotballtrening, foreldremøte og lekser. 


Vi set difor ekstra pris på helgene, og her i huset er fredag ein favoritt. No ser ungane på film, og snart skal mammo poppe litt popcorn, før tullemor sovne på sofaen.


I går var ungane hos tanto, mens eg var på foreldremøte på skulen. Dei fekk bada i jaccusien og hadde fått ete pikekyss som ho hadde laga. Snakk om nammis!


Junior ba fint om at ho kunne gje meg oppskrifta!

Og desse fekk dei med seg heim, til lørdagsgodteri.

onsdag 24. august 2011

Sukkertøy for øyet


Denne flotte bloggen kan du kikke på ved å klikke her. Ein god blanding av nytt, gamalt og retro, utruleg skjønn blogg! 

No har ho ein give away der du kan vinne stilige tapet-remser!

mandag 22. august 2011

"Russakrem"


Kvar haust lagar besto mi på snart 90 år, russakrem. Ho bruker saft som ho har kokt på restane av bær, etter den opprinnelege safta. Det vil sei at denne safta er 2. sortering.!!

Oppskrifta er som følger:
ca 1/2 liter utblanda sterk saft
3 ms semulegryn
sukker etter smak og behag
1 ts vaniljesukker

Kok dette opp, og la småkoke i 10-12 min. Visp den så i kjøkkenmaskin til den er stiv. ( 20-30 min med Kenwooden faktisk!)


I år laga eg den sjølv, men besto var på prøvesmaking og ho godkjente den!!!

Server med vaniljesaus, nam nam.

( Eg kan fortelje at eg og bror min fekk ei skål kvar, som stod oppe hos besto, men som vi kunne ete når vi ville. Grunnen til at vi måtte ha ei kvar, var sjølvsagt at då kunne vi ikkje krangla om kven som hadde fått mest....)

søndag 21. august 2011

Perling



Det regnar ute. 

Det bles ute.

Det er haust.



Vi er inne og perlar, det er harmoni i heimen. Ungane har vore hos bessen og bestemor på overnatting, og eg og mannen var på fest i går. Tross alt er det ein fin dag.


No skal vi trosse været, ta på regnkle og sikre noko material oppe ved huset.

Ha ein strålande søndag!