Huff og huff, har du ikkje rydda i huset ditt i dag??
Junior har endeleg fått lov å leike med dukkehuset mitt. Det er sånn ca 25 år gamalt, og lysa inni virkar enda. Det er med andre ord liv i tv, vegglampar og taklampar. Fantastisk.
Han far er visst på vei over kanten på sofaen..
Til og med tallerkenhylle på kjøkkenet.
Grønn innredning på badet....nice. Tannkost og såpe på plass. Gu kor eg koste meg med å leike med dette. Håpar at mine to kan få like mykje glede av det som meg.
Vi får vel ta fram Barbien og ein dag.
I dag har vi fri. No skal ho mor komme seg i kleno, mens ungane ser film og leiker med lego. I dag skal vi dilla på skåla, ut og kvalitetssikre utvasken i huset, mate Einar-pusen vår og kanskje sei hade til huset for siste gong!
Ha ein fin dag alle saman. Eg ser eg har mange lesarar. Kjekt visst nokon legg seg til som følgar, eller legg igjen ein kommentar, slik at eg veit kven DU er!! Eg set pris på dåke alle, uansett!