Når da står pannekaker på menyen, er blåbærsyltetøy obligatorisk. Og å kunne plukke det sjølv like utanfor huset, er som ein draum.
Tullemor og eg gjekk ein liten tur på blåbærplukking i dag, og fekk med oss nok til ei stor skål med nyrørte blåbær. Strø litt sukker på, og knepp dei med ein gaffel.
Pannekaker med bacon og blåbær er noko av det beste eg veit.
Her er junior sin måte og ete det på, pannekake med sukker og syltetøy.
Eg hadde ein dag på jobb, før tullemor kasta opp i går kveld. Har vore heime i dag, og fridag i morgon. Kjenner at eg er klar for å jobbe litt no, men sånn er det bare. I kveld byrjar Grey`s igjen, og eg skal vere klar i sofaen. Gler meg.
så deilig med pannekaker og blåbær. ser deilig ut! og god bedring til jenten din :)
SvarSlettÅåå så deilig!
SvarSlettNyrørte blåbær på pannekaker er bare BEST!
Og takk for at du minna med på Grey's... det hadde faktisk gått meg hus forbi ;)
God bedring te veslemor!
Klem fra
Kjersti
Me har òg blåbærskog rett ved huset, faktisk i vår eigen hage. Men dei tre andre i huset er ikkje så veldig glad i desse små blå perlene, så me nyttar dei nok ikkje fullt ut, desverre..
SvarSlett