søndag 17. juli 2011

Ferien er over


Siste dag av ferien i dag, og den vart avslutta med grilling i fjæra på Lyngstrand.




Ungane åt som om dei aldri hadde ete før, og til slutt trur eg dei kosa seg....


Vi har vore kallheldige med ferien vår. Fyrst 14 dagar med sol på Mallorca, så ei veke med varmt og ok vær, 2 dagar med regn og avslutta med 4 dagar med knallvær og strandliv. Eg skal ikkje klage over været i min ferie iallefall!


20 grader i sjøen er bra for ungane, og junior hoppa og stupte omtrent lika mykje i sjøen som han gjorde i bassenget i syden.


Stranda i Røynholm er så god som sydenstranda og vi diggar å vere der.


Tullemor er nøgd med sandslottet sitt.

Så i måro er det levering i barnehage, og køyring på jobb att. Junior har ferie nokre veker til, og skal vere litt rundtomkring denne veka. Fyrst ut er overnatting hos favorittonkelen.

God ferie vidare til alle som byrjar no, og til alle andre vil eg ynskje ei god veke!!

4 kommentarer:

  1. Herlege sommarbilder! Eg har hatt mi fyrste ferieveke, og er veldig godt nøgd med den. Den komande vert nok hakket våtare, men eg håpar den vert bra likevel.
    Lukke til med jobb og bhg att imorgon!

    SvarSlett
  2. herlighet! bade i sjøen? dit må jo bare vi reise hehe:) hos oss i sjøen er det bitende kaldt hehe og ikke storetåen ville nedi for andre gangen en gang hehe..

    mange fine bilder fra en siste feriedag:) og koselig med grillings i fjæren :) ha en fin kveld

    SvarSlett
  3. Hørtes ut som ein knallferie!! Og no kjem jo regnet, så det blir kanskje ikkje så verst å begynna å jobba att likevel? Fine bilder:)

    SvarSlett
  4. For en herlig ferie du har hatt. Høres ut som du er klar for å brette opp armene og ta til i jobben igjen :)

    Håper det blir flere soldager! Da skal jeg sjekke ut Røynholmen.

    Gleder meg veldig til å begynne på jobb! Tenk at vi skal jobbe i lag! :D

    SvarSlett