søndag 25. mai 2014

Levegg på hjul


Ja, du leste heilt rett,
levegg på hjul!

Her vi bur er det ein del "trekk", eller som dei seier i Flåklypa:
"nordavinden kjem frå alle kantar!"

Då må vi gjere det vi kan for å få det lunt og fint rundt oss.



Vi har stor og flott terasse/altan,
som vi har valgt å bygge i lerk.
Det får ein naturleg gråfarge.
Leveggen er i samme materialet.


Mannen min har lenge gått og grubla på korleis 
vi skulle løyse dette med at vi har stor altan, 
at sola flyttar og vinden kjem frå ulike retningar.

Løysinga vart å bygge ein levegg som vi kan flytte,
med hekk,
så det vert frodigt i tillegg til at den luner for vinden.


Eg er veldi fornøyd med leveggen,
og at altanen er blitt koselig og frodig
med mykje planter.


Her er starten på leveggen.


Vi har brukt 3 store stampar frå Biltema (?)
dei har vi bora hull i, slik at dersom det regnar mykje,
vil vatnen plantene ikkje treng, 
renne ut igjen.

Så har vi leca i botnen, planteduk 
og jord på plantene.

Det vart tuja denne gangen,
dei var høgast og gav oss hekk med det samme.

Dette er jo eit prøveprosjekt,
så dei kan alltids byttast ut viss vi blir lei.
  

Altanen vår frå baksida av huset.

Eg er veldi, veldi fornøyd,
og været har vist seg frå si beste side,
så vi har kosa oss på altanen heile helga.

Tusen takk til den flinke mannen min
som er så kreativ og flink.

Eg er stolt av deg!!



4 kommentarer:

  1. Har du en oppskrift?Den var veldig fin:-)

    SvarSlett
  2. Hei!
    Disse leveggene var superfine og akkurat slik jeg har sett for meg at jeg vil ha. Har du tegninger på hvordan dere bygde de?

    Mvh Ellen Lindhaugen

    SvarSlett