tirsdag 12. juli 2011

Jul i juli


"Har da rabla for ho"??? Tenke du kanskje no. Men da har ikkje da. Eg har bare slått te på eit godt tilbud, sjølvsagt.



Eg fekk eit gavekort på Stemning i Rosendal til bursdagen. Og sidan butikken skal skifte eigar om kort tid, måtte eg bruke det no. 

Då er det greit og kjenne eigaren, slik at ho kunne informere meg om at ho skulle setje fram noko julevarer til halv pris, dagen etter!


Bruka er ein stor favoritt, og eg slo te.


Så no skal det pakkast ner igjen, saman med alt da andra, og takast fram til gløggselskapet rett oppunder jul.

Nett no er det lite som minner om sommar her. Men på onsdag er det lova bra vær. Då pakkar vi strandvesko og gjer oss klar for strandlivet. Blir det einaste dagen denne ferien at vi kan vere på ei norsk strand?? Håpar ikkje det.

I kveld reiser mannen til Brasil på jobb. 2 veker, 3 veker, kven veit. Flytte må eg uansett. Men eg har fått eit tilbud som gjer det greitt, og då skal eg klare å pakke resten ned. Glede meg til å visa dåke leilegheita vi skal leige. 

1 kommentar:

  1. jul ja:) jeg kjøpte seinest i går en ting til en av julekalenderene hehe må jo forberede oss når det allikevel er salg nå! hehe ja det kunne godt kommet litt skikkelig sommer her til landet... men men det som venter på noe godt....

    SvarSlett