søndag 10. april 2011

Jakten på paddo...


Saman med gode vener, tok vi turen til baronihagen i dag. Oppdraget var å sjå på paddene i paddedammen. Men paddene hadde gått i hi, etter at dei hadde lagt sinnsjukt med egg...



ja, dåke ser rett. Dette er padde-egg, som seinare vert til rompetroll og igjen til nye padder!


Det er vår, vi kan gå utan stilongs, skate-sko og andre vår sko er kommen ut av skapet, tjukk hue er skifta ut med pannebånd frå Vossatassa (!) og vi kan få raude roser i kinna av sola!!


Er visst andre som har sluppe ut for våren...


Ein litt trist dag i heimen i dag. Vi har gitt vekk kanina vår, Nino! Sidan vi no må flytte ikkje bare ein gang til, men to ganger til, valgte vi å gje vekk kanina med alt kaninutstyret. No kjem den til ein heim, der den vert teken vare på, og stelt litt meir enn det vi har gjort i det siste. 

Junior synst dette var veldig trist. Han er ein sårbar gut, i ein sårbar alder, og tok dette tungt. Dette bildet skal printast ut, rammast inn og hengast over senga hans!

3 kommentarer:

  1. Da blir det rumpetroll jakt i Påsken! :)

    SvarSlett
  2. Så kjekt når ein ikkje treng å pakke seg inn lenger... :-)

    For nokre flotte apekattar i trea forresten...

    SvarSlett
  3. herlige vårbilder, glade barn som er ute å klatrer i trær og koser seg:-)
    klemklem

    SvarSlett