lørdag 16. april 2011


Det er eigentleg ikkje så mykje påskepynt eg har, så difor må eg vise alt her.

 Maileg påskeegg frå 2010.

Norges-glaset vert brukt omatt og omatatatte.

Eg skjønar veldig godt at mannen kallar skjenken min for "alteret". Det er jo her eg kan vise fram pynten min.

Green Gate 2010. Eg har frå 2011 og, sjølvsagt. Det heng over sofaen, og eg har rett og slett gløymt det litt ut, fordi det har hengt der så lenge.

Så er ferien godt i gang. Eg digge ferie. Eg digge å kunna tusla rundt i pysjen lenge. Ungane får sjå tv til kl 10 jaffal. Og sjølvsagt vaknar dei kl 06.00, det skulle jo bare mangle. 

Junior er skulegut, og eg har teke ferie saman med han. Tullemor skal i barnehagen på måndag. Junior trenge ny dress, og vi tar turen øve til Stord på måndag for å sjå om det let seg ordne der. 

1 kommentar: