mandag 11. april 2011

Innlegg nr 400: Framgang i tomta


Innlegg nr 400 måtte jo bli av framgangen i tomta vår -> ein steg nærmare drømmehuset!


Litt motlys og dårlege bilder, kva gjer vel det? Er nesten sånn at vi lar ikkje sola og vårstemninga øydelegge inntrykket!

Her kjem ei rad til på denne muren, som er ned mot nabotomta. ( Tomta vår er litt høgare enn tidlegare, og difor litt høgare mur. Er ikkje alltid at kart og kompass stemmer, eller teikning og gravemaskin?!)


Oppå her kjem huset. Når eg står og ser utøve herfrå, er det utsikten frå soverommet vårt!


Ei røys tenker kanskje du? Eg tenker oppfylling av draumen vår!



I dag fekk eg bekrefta at vi får leige eine tomannsbustaden som er under bygging her borte. Gud og bevare meg vel kor glad eg er for det. Mulig vi må ha eit par veker på "ferie" hos mamma og pappa, men det tåler vi vel? ( eller dei?)

Så kom regnet, etter fleire flotte vårdagar. Det positive er at den dempar kanskje "vårlukta" litt??

Tusen takk for fine tilbakemeldingar om den nye "headeren" min. Den er det min kjære som har laga for meg, og eg er supernøgd!

5 kommentarer:

  1. Detta blir kjempespennande! Så kjekt å sjå litt framgong :))
    Dåke kjem til å få da akkurat slik dåke vil, og det får dåke ved eigen tilstedeværelse.
    Kos dåke med arbeidet vidare, og godt da ordna seg med mellombels bustad :)
    Lykke til!

    SvarSlett
  2. Så spennende Solveig! Men litt kjedelig at du skulle holde usikten for deg selv. Hehe!

    Så godt at det ordna seg med sted å bo. Husk å si fra om du hører om noen som skal leie ut. Gjerne møblert!

    SvarSlett
  3. Veldig flott "Portal" du har fått deg då! Han er flink!!!!

    Blir spennande med hus - og kjempeflott at det ordna seg med plass å bu til "draumen" er ferdig.

    Klem. Marian

    SvarSlett
  4. Heldige dere! Jeg ønsker å bygge hus jeg også, men tror vi får nøye oss med det vi har, og heller pusse opp.
    :) Susanne

    SvarSlett
  5. Spent på å følge husbyggingen dåkkas:-)
    klemklem

    SvarSlett