søndag 2. januar 2011

No e ho ute

 Godt nytt år alle mine gode bloggvener! Eg set umåteleg stor pris på dykk. Og det blir ikkje lenge før eg skal gje vekk noko til ein av dykk att!

Når det nye året er vel kommen i gang, så er jula over for min del. Eg pleier alltid å rydde vekk jula allerede 1. el 2. januar. Sidan eg byrjar pynte i slutten av november, nyter vi førjulstida heile desember. Og eg ser fram til å starte det nye året. Så i går for både juletre og nissar ut, og alt er pakka sirleg ned i kassane. Sånn at det er kjekt å opne dei att i november.

Og då vi var i gang, fekk ungane knuse pepperkakehuset. Dette har dei gleda seg til, sidan vi pynta det!
 Og utstyrt med kvar sin hammar, gjekk det i tusen knas.
Og dei storkosa seg med støvete skumnissar, nonstop og dårleg pepperkakesmak....Ja, ja, små gleder veit du!

I dag har spysjuka inntatt heimen vår. Junior byrja kl 8 i dag, og har spydd stort sett i heile dag. Eg og tullemor gjekk ein lang tur, for å hente bilen vår ( sidan vi var ein tur i festleg lag i går kveld!). Då vi kom heim, klaga ho seg over vondt i magen, men ingenting skjedde. Men då ho skulle hjelpe pappen med å lage suppe til middag, kom det. Det vart ingen middag på oss i dag, og kjøkenet er vaska med klorin. Og det to gonger, for då eg var ferdig, spydde ho ein gang til....

I kveld vert det hamburger frå Statoil på oss. Så får vi håpe at det er over for denne gang. No står det iallefall bøtter overalt, og klorinflaska lett tilgjengeleg!

4 kommentarer:

  1. Godt nyttår!! -Fint å ha deg tilbake i "Blogglandia" etter ferien! Veldig grett med ungar som lærer seg å bruka hammaren. Lika da!

    Marian

    SvarSlett
  2. Haha, godt sagt Marian!

    Huff, skrekkelig med den spysjuka. God bedring!

    SvarSlett
  3. Uff då...god bedring til dokke! En veit aldri kor tid den slår til...Men hell i uhell så fekk dokke den ikkje i jula då! Skulle gjerne rydda vekk litt jul her også, men "spara" litt for jan ove sin del. Vi skal feire litt ekstra jul til helga når han er komt heim. Stor bedringsklem frå oss :)

    SvarSlett
  4. Små gleder ja... Sikkert *kjempegodt* med støvete nissar!!!

    Eg har "tatt en Solveig" i dag. Heve gode ting med hard hånd..... Spart litt twist o.l i tilfelle det kjem julebukkar på torsdag :-)

    Hb at dåkke nærme dåkke friske i heimen. All den spyingå å vaskingå hørrest ikkje kjekt ut!! Men det går jo øvealt, -så me e kjempeheldige som ikkje har fått det i hus...

    Klem :-)

    SvarSlett